Oslo/Kaupanger: Torsdag deltok Lerum i Anfo Effekt, reklamebransjens svar på Spellemannsprisen. Heile 140 reklamebyrå kjempa om kven som har laga den beste og mest effektive reklamekampanjen.

Lerum vann både hovudprisen og i kategorien Vekst med den kalorifrie leskedrikken ZERoh!. Den gjekk frå null til 111 millionar i omsetning på tre år frå 2013 og 2016, mykje takka vera effektiv marknadsføring, meinte juryen.
– Me har vore norgesmeistrar i vekst dei siste tre åra. Det synst me er fantastisk, seier Espen Arnesen, marknadsdirektør i Lerum.
Tøff konkurranse
Bak jobben står reklamebyråa MK Norway, Strømme Throndsen Design og Vizeum, i tillegg til Lerum sjølve, skriv Kampanje.com, nettstaden som første melde om utdelinga.
– Me er kjempeglade for å vinna ein slik pris, mest fordi den, i motsetning til dei fleste andre slike prisar, vektlegg dokumentert og varig salsvekst, noko som er det viktigaste for oss. Og det skjer på tvers av alle bransjar, i konkurranse med store bankar og daglegvareleverandørar, seier Arnesen.

For å setta resultata i perspektiv, nemner han at det kvart år blir handla kalorifri leskedrikk for 330 millionar i butikkane. På tre år har altså Lerum tatt ein tredel av segmentet, som hovudkonkurrenten Fun Light vår åleine om då ZERoh! kom på bana.
Laga av Lerum, men utan merkenamnet
– Det er sterke resultat. Me hadde vore nøgde om me fekk 10-20 prosent, no har me ein tredel og er framleis i vekst, seier Arnesen.
Ei anna faktaopplysning som kastar lys over prestasjonen, er at 90 prosent av alle lanseringar i daglegvarebransjen forsvinn frå butikkhyllene i løpet av tre år.
Sjølv om ZERoh! har blitt ei suksesshistorie for Lerum, har dei likevel valgt å ikkje bruka logoen og merkevara på produktet.
– Det var ein lang diskusjon internt som handla om merket sine verdiar. Slagordet vårt er jo «ekte vare smakar best», og for oss betyr det bruk av frukt og bær. ZERroh! skulle vera heilt utan kaloriar, og det let seg diverre ikkje kombinera med fruktsukker, seier Arnesen.