ØVING: Praktikantar frå Nynorsk avissenter på beredskapsøving i Florø, Emte Ringstad (f.v.), Erlend Kristiansen, Camilla Brugrand og Cecilie Rysjedal intervjuar innsatsleiar Synnøve Domben i politiet. Foto: Ivar M. Longvastøl.
ØVING: Praktikantar frå Nynorsk avissenter på beredskapsøving i Florø, Emte Ringstad (f.v.), Erlend Kristiansen, Camilla Brugrand og Cecilie Rysjedal intervjuar innsatsleiar Synnøve Domben i politiet. Foto: Ivar M. Longvastøl.

Nynorsk avissenter søkjer nye praktikantar

Camilla Skjær Brugrand (22) frå Lærdal går nettopp denne vegen og oppmodar fleire til å gjera det same. 

Årdal/Lærdal: Nynorsk avissenter i Førde er på jakt etter fire nye journalist-talent som skal ta til rett over årsskiftet. 

– Me er på jakt etter unge menneske med ulik bakgrunn og utdanning. Føresetnaden er at dei skriv nynorsk og har eit brennande ønske om å bli journalistar, seier Ivar Myklebust Longvastøl, dagleg leiar for Stiftinga Nynorsk avissenter. 

Sidan starten i 2013 har avissenteret lært opp 20 journalistpraktikantar. Opplæringa går over seks månader med fire månader i avisa Firda og to i ein sjølvvalt redaksjon.

OPPLÆRING PÅ NORSK: Etter å ha studert journalistikk i England, synest Camilla Skjær Brugrand det gjer godt med opplæring på norsk.
OPPLÆRING PÅ NORSK: Etter å ha studert journalistikk i England, synest Camilla Skjær Brugrand det gjer godt med opplæring på norsk.

Skilnader i journalistikken

Ei av dei som går dette løpet er Camilla Skjær Brugrand frå Lærdal. Ho har tidlegare jobba i Sogn Avis og i samfunnsredaksjonen i Bergens Tidende. Dessutan har ho eit masterstudium i internasjonale journalistikk ved Brunel University i London. Der har ho fått prøve seg i Financial Times og The Independent. 

– Ein av grunnane til at eg ville gjera dette var fordi det fokuserte på nynorsk. Sidan eg har studert i England er all journalistikk innprenta på engelsk, så det gjer godt med eit grunnkurs i norsk journalistikk, fortel ho til Porten.no.

Skilnadane på norsk og til dømes engelsk journalistikk er store på enkelte område innanfor det etiske. Ho skildrar den effektive opplæringa som svært lærerik. Ho gjev spesielt ros for at opplæringa er så moderne.

– No kan eg ikkje seia noko om den norske journalistutdanninga, men eg føler eg har fått innføring i mange ulike felt. Det er nytenkjande med eigne foredrag om mobiljournalistikk til dømes. Det er fokus på korleis det skal bli i framtida, fortel ho.

MODERNE: Dagleg leiar for stiftinga Nynorsk avissenter Ivar Myklebust Longvastøl fortel om ei opplæring der nye plattformer blir lagt stor vekt på.
MODERNE: Dagleg leiar for stiftinga Nynorsk avissenter Ivar Myklebust Longvastøl fortel om ei opplæring der nye plattformer blir lagt stor vekt på.

Moderne opplæring

Kurset legg stor vekt på dei «nye» plattformene, og i Førde får praktikantane lære å bruke mobiltelefon, sosiale medium, appar og programvare for å nå fram med god journalistikk. 

– Føremålet er å utdanne nynorskbrukande bladfykar. Dyktige journalistar som skriv nynorsk er avgjerande for å oppretthalde målet vårt som eit levande og moderne bruksspråk. Difor kom me også inn på statsbudsjettet frå 2015, og me reknar med støtte vidare, seier Longvastøl. 

I dag er det 59 nynorskaviser i Noreg, og avissenteret i Førde har gode tal å vise til. Rundt halvparten av dei som har fullført utdanninga har i dag fast jobb eller lengre vikariat å vise til, noko som ikkje kjem rekande på ei fjøl i denne bransjen.

Kan godt studere i utlandet

For Brugrand sin del ventar no eit opphald i Klassekampen. Fram mot jul startar søknadsskrivinga, og deretter handlar det om å krysse fingrane. 

– Eg tør ikkje seia noko om draumejobben. Eg vil ikkje utelukka noko. Eg veit ikkje om eg vil vera i Noreg eller i utlandet. Eg kjem til å søka i England. Eg likte meg veldig godt då eg var i Financial Times i vinter. 

Trass i omstilling og krevjande tider for avisene, var det rekordsøknad til siste opptak med 33 søkjarar. 

Ivar Myklebust Longvastøl oppmodar alle interesserte ta kontakt eller gå inn på heimesida til Nynorsk avissenter for å finne ut om dette er noko for dei.

Til toppen