NYNORSK: Noregs Mållag er svært nøgde med at nynorsk blir hovudmålform for den nye Høgskulen på Vestlandet, som Høgskulen i Sogn og Fjordane blir ein del av. Foto: Ole Ramshus Sælthun
NYNORSK: Noregs Mållag er svært nøgde med at nynorsk blir hovudmålform for den nye Høgskulen på Vestlandet, som Høgskulen i Sogn og Fjordane blir ein del av. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Nynorsk blir hovudmålform

– Det er ei sann glede at den nye Høgskulen på Vestlandet får nynorsk som hovudmålform, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Høgskolen i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane har gjort vedtak om å slå seg saman til Høgskulen på Vestlandet. Høgskulen vil få 16 000 studentar, og dermed bli ein av dei største utdanningsinstitusjonane i Noreg.

Ministerglede

Styret i Noregs Mållag ynskjer til lukke med vedtaket om at nynorsk skal vere hovudmålforma. Også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har uttrykt glede over at den nye høgskulen vil ta eit særskilt ansvar for nynorsken.
 
– For oss er det ekstra kjekt å sjå at den nye høgskulen, der rektor har sete i Bergen, får nynorsk som hovudspråk, seier Magne Aasbrenn i ei pressemelding frå Noregs Mållag.
 
For nynorsken som vitskapleg språk er det viktig at ein såpass stor institusjon har nynorsk som hovudspråk. Høgskulen på Vestlandet vil tilby profesjonsutdanningar på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Dette vil gje viktige yrkesgrupper som barnehagelærarar, lærarar, sjukepleiarar og ingeniørar solide nynorskkunnskapar til yrkeslivet

Til toppen