MEININGAR: Ådne Reidar Nes Kleppe har hoppa på nynorskdebatten som atter ein gong pregar delar av nyheitsbildet.
MEININGAR: Ådne Reidar Nes Kleppe har hoppa på nynorskdebatten som atter ein gong pregar delar av nyheitsbildet. (Foto: Privat)

MEININGAR

Nynorsk er norsk, og det lever i beste velgåande

«Uansett kor mange hissige kommentarar eg får på at eg skriv nynorsk, så vil eg halde fram med kampen for nynorsken», skriv Ådne Reidar Nes Kleppe.

Meiningar: Nynorsk er eit levande, vakkert, rikt språk som vert nytta av fleire hundre tusen norske statsborgarar. Nynorsk og bokmål er jamstilte i norsk lov, og ingen skal godta at nokon hevder at bokmål er det som er «norsk», fordi det er rett og slett ikkje sanninga.

Eg møter stadig folk som er nedlatande til nynorsk, og det er aldri kjekt å ha kjensla av at folk ser ned på språket du nyttar. Eg kjem alltid til å stå opp for nynorsken, for det er ein del av identiteten min. Det er ein kamp eg alltid vil ta! Det viktigaste vi som har nynorsk som skriftspråk kan gjere, er å bruke språket i kvardagen, på eksamen, i sosiale medium, i meldingar og generelt vise at nynorsk ikkje er noko som berre gamle gubbar i distrikta nyttar, som nokre vil hevde. 

Forundra over nynorskhatet

Til stadigheit les eg kommentarar og innlegg som dette, frå personar som ynskjer å «drepe nynorsken». Det er alltid «synd» på dei som har bokmål som hovudmål, noko forfattaren i dette innlegget illustrerer godt med følgjande utsegn; «nynorskens føringer skal igjen pugges av elever». Vi som har nynorsk som hovudmål må også «pugge bokmålet sine føringar». Nynorsk er resultatet av ei innsamling av ord frå norske dialekter og er nærare det som opphavleg har vore talemålet i Noreg, enn bokmål.

Skribenten skriv at nynorsk bør bli eit valfag; meiner han då at bokmål skal vere eit valfag for alle dei elevane som har nynorsk som hovudmål? Eg vert stadig forundra over det hatet mange bokmålsbrukarar presterar å dra fram for nynorsken. I all mi tid på skulen har eg aldri møtt eit slikt hat mot bokmål, av dei elevane som har nynorsk som hovudmål. Kva er det med dei som har bokmål som hovudmål som gjer at dei ikkje kan lære seg nynorsk på lik linje med oss nynorskbrukarar som lærer seg bokmål?

Vil aldri la nynorsken dø

Eg trur at mange ikkje forstår kva nynorsk er for oss som faktisk har det som hovudmål. Eg har mang ein gong diskutert norsk skriftspråk med austlendingar, og fram til no har ingen av dei hat ei kjensle av at å skrive nynorsk er ein del av deira identitet. Her kjem det store skiljet i mine auger; for nynorskbrukarar er nynorsken ofte ein del av kven vi er, ein del av vår identitet. Kanskje særskilt for oss som bur i Sogn og Fjordane, der talemålet og skriftspråket har tallause likskapar. Når folk snakkar ufint om nynorsken, så gjer det vondt. Det kjennes nærast ut som eit personangrep.

Eg kan ikkje sjå føre meg den same situasjonen med ein som skriv nynorsk mot ein som har bokmål som hovudmål, der ein aktivt går inn for å seie og skrive negative utsegn. Eg undrar meg på; kva er det som set bokmål i ei slik særstilling; at ein skal la nynorsken «dø», medan bokmål skal «leve»? Avslutningsvis vil eg berre få sagt at eg aldri vil la nynorsken dø, for den er ein del av min, og så mange andre sin identitet. Uansett kor mange hissige kommentarar eg får på at eg skriv nynorsk, så vil eg halde fram med kampen for nynorsken.

Til toppen