TIL LÆRDAL: Anders Totland har skrive boka «Engel i snøen» og er med i Tid for ti-aksjonen. Her under lanseringa av aksjonen på Gloppen folkebibliotek i januar. Foto: Nynorsksenteret.
TIL LÆRDAL: Anders Totland har skrive boka «Engel i snøen» og er med i Tid for ti-aksjonen. Her under lanseringa av aksjonen på Gloppen folkebibliotek i januar. Foto: Nynorsksenteret.

Nynorsk leseaksjon på turné i Sogn og Fjordane

Den nynorske leseaksjonen "Tid for ti" skal på biblioteks-turné i Sogn og Fjordane. Målet er å vise fram breidda i nynorsk litteratur og stimulere til lesing.

Lærdal: Turneen er eit samarbeid med Fylkesbiblioteka i Sogn og Fjordane og Foreningen les sin leseaksjonTid for ti . I alt skal dei besøkje ni bibliotek i fylket, mellom anna biblioteket i Lærdal. Aksjonen rettar seg mot elevar på 7. trinn. Dei vil få møte forfattar Anders Totland som har skrive bokaEngel i snøen

– Tid for ti er ein nynorsk leseaksjon som involverer skular i heile Noreg. 15.000 elevar på 7. trinn deltek, og alle får ein antologi med utdrag frå nynorske ungdomsbøker. Målet er å vise fram breidda av nynorsk litteratur for målgruppa og inspirere dei til å lese meir. Dette er andre året aksjonen er ute i skulane, og tilbakemeldingane er gode, seier prosjektleiar i Foreningen les, Ole Ivar Burås Storø, i ei pressemelding.

Fylkesbiblioteket ynskjer å støtte opp om skulane og biblioteka som melder seg på Tid for ti.

– Med denne turneen vil vi motivere til endå meir lesing av nynorsk litteratur. Vi har tru på atTid for ti vil få ringverknader utover klassane som er med. Vi håpar aksjonen vil inspirere skular og bibliotek til å satse vidare på litteraturformidling for barn og unge, seier fylkesbiblioteksjef i Sogn og Fjordane Siri Ingvaldsen.

(©NPK)

Til toppen