FLÅMSBANA I NY ROLLE: Når Flåmsbana tek festivalgjengarar til Vatlastølen på laurdag, spelar to av vognene også rolla som musikalske og poetiske bodbringarar. 

FLÅMSBANA I NY ROLLE: Når Flåmsbana tek festivalgjengarar til Vatlastølen på laurdag, spelar to av vognene også rolla som musikalske og poetiske bodbringarar.  (Bilde: Aurland Photography)


Nynorske litteraturdagar i Aurland overraskar med Poesitog

I år har festivalen valt å leggje inn ein eigen Flåmsbana-togtur, «Poesitoget», i programmet.

Flåm: 

− Eg har gjort opptak av vågale aurlendingar. Dei har funne eit dikt sjølv, om folk, om natur, om relasjonar, eller om korleis det er å bu aude til. Dikta vert spela av på toget medan me køyrer gjennom den vakre naturen, og so kjem det litt musikk til ettertanke mellom kvar diktinnspeling, fortel Gro Nesse Bremer, som har stått i bresjen for organiseringa av festivalen som er på trappene.

Bremer fortel at dei som har lese inn dikt på band gjorde det med eldhug og innleving. Ei jente frå 3. klassen les eit dikt om livslyst med slik brennande iver at alle som lyttar vert glade.  Aldersspennet på opplesarane strekk seg frå 3. klasse til dei verkeleg godt vaksne, røper Bremer.

− Sjølv om dei alle stod fritt til å velje dikt, fann dei alle eitkvart som minna litt i sjanger, dikt som målar naturbilete, og som fortel om kvar ein er i livet.

Bremer fortel vidare at ho gler seg som ein unge til festivalen, og at ho skjelv som eit ospelauv av nervøsitet. Ho trur festivalen vil verte ei fantastisk, uforgløymeleg oppleving. 

Huldreslåttar, huldreeventyr og Karl Seglem

Medan dei to togvognene tek seg oppetter Flåmsdalen like til Vatnahalsen, vil Hallgrim Skjerdal spela opp til huldreslåttar ombord òg, når det vert tid for det. Og Jorunn Barane vil fortelje om huldra. Ved Vatnahalsen går alle or vognene, og inn i høgfjellshotellet, der ein poesikonsert med sjølvaste Karl Seglem ventar.

− Han har skrive ei fantastisk ny diktsamling, «Kvervel», seier Bremer, som ikkje kan vente med å høyre dei nye dikta til hans eigne tonar oppe i fjellheimen.

Endå meir poesi vert det på kvelden etter at alle har vorte toga ned att til Aurlandsfjorden:

− Tom Roger Aadland kjem med fullt band og gjev oss ”Bob Dylan på nynorsk”! Han har vore på farten heile sommaren, og ryktet fortel om fulle hus og stormande jubel!, seier festivalen i pressemeldinga.

Denne kvelden vert det so servert ein festivalmiddag på Fretheim hotel, der kokken, Bjarte Finn, diskar opp med rettar som symbolsk skal illustrere temaet for festivalen; livstrådar.

Togturen passar til årets tema

I ein av aforismane frå Olav H. Hauge les ein om togreisa som symbol på livet, med mørke tunellar stundom, og so ovfagre utsyn etterpå og varierte landskap. Soleis passar den poetiske togturen på Flåmsbana symbolsk med årets festivaltema, livstrådar.

− Omgrepet livstrådar femner om alt i livet vårt, lått og glede, gråt og sorg. Me veit ikkje alltid kor lang livstråden vår er, eller kor mange knutar han vil få, som me må freista å løysa, seier festivalen i pressemeldinga, og legg til at vi også kan veva oss fram til intrikate mønster i samspel med andre med livstråden vår.

Årets Nynorske litteraturdagar konstaterer vil byda publikum på både sprelske og lystige trådar, og trådar som får knutar eller vert tynnslitne.

Alt under festivalen sin tjuvstart torsdagen, vil Haakon Skjerdal kome inn på nokre av dei gledene, dilemmaa og utmaningane som ein kan råke ut for i livet, når han skal presentere boka si ”Fredlaus under Blåskavlen”.

Musikk for både vaksne og born, ikkje berre i samband med togturen

Poetisk litteratur og musikk har gått hand i hand opp gjennom menneskesoga vår, og «Dei nynorske litteraturdagane» har ordna det slik at dei musikalske godbitane skal stå i kø, innimellom samtalar og føredrag med forfattarar som Norvald Tveit, Øystein Vidnes eller Therese Tungen.

Kai Martin Brekke skal syngja songar frå plata «Tid», og har med seg gitarist Tor Talle. Jon Solberg frå Telemark og folkemusikaren Anders Røine skal med «alvor, humor og kvass ironi» reflektera over liv og lagnad.

Festivalen kan også, tradisjonen tru, freista med «Finn Tokvam i fri dressur», og i år attpåtil med Oddvar Torsheim som gjest (!).

For borna vert det gjort i stand eit eige miniprogram, både familiekonsert med sunnfjordbandet «Månevenn», forteljarstund med Jorunn Barane, og framsyning med figurteateret «Himmelspringaren». Elevar ved Aurland barne- og ungdomsskule som har «innsats for andre» i valfag vil ta vare på borna under dei to sistnemnde tilstellingane.

Avslutningskonserten, «SIGD»,  vert nok ein poetisk konsert, denne gongen med Ruth Lillegraven og Benedicte Maurseth.

− Desse to flotte damene har fått mange lovord for konserten tidlegare – og me er skikkeleg stolte over at dei kjem på besøk til oss!, seier Bremer.

 

 

Til toppen