NYNORSK: «Om fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman, vil det einaste rette vere at det nye storfylket blir styrt på nynorsk», skriv leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag. 
NYNORSK: «Om fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman, vil det einaste rette vere at det nye storfylket blir styrt på nynorsk», skriv leiar i Noregs Mållag Magne Aasbrenn. Foto: Noregs Mållag. 

MEININGAR

Nynorsken må ikkje tape på fylkesreforma

Noreg skal teiknast på nytt, og gamle fylke skal bli til nye regionar. Det kan føre til ei endring i stoda for nynorsk som offisielt språk på fylkesnivå. 

KOMMENTAR: Det viktigaste kravet for Noregs Mållag er at nynorskbrukarane ikkje må kome dårlegare ut av prosessen, og mållaget arbeider for at nynorsken styrkjer seg i eventuelle nye fylke. Då må det framleis finnast makt og viktige arbeidsplassar i nynorskområde, og alle nye storfylke må utarbeide grundige planar som gjer at mindretalsspråket nynorsk ikkje taper på reforma.

Om fylka Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman, vil det einaste rette vere at det nye storfylket blir styrt på nynorsk og krev skriv frå staten på nynorsk. I dag ser vi at dette ikkje er sikkert. Samstundes er vi redde for at innarbeidde rutinar kan ryke i andre delar av landet. I fylke som Oppland, Buskerud, Telemark og Agder-fylka er nynorsken i klart mindretal hjå innbyggarane. Likevel er det i fleire av desse fylka ein tradisjon for at fylket ser til båe språka. Denne balansen kan forsvinne om nynorskdistrikta blir endå meir marginaliserte i nye storfylke. Det er førebels uklart kva som vil skje med Møre og Romsdal. Noregs Mållag er uroa for at bokmålspresset vil auke på nordmøringane om dei blir sende til Trøndelag.

Sogn og Fjordane er i dag det einaste fylket der både fylkesadministrasjon, politisk leiing og statens representantar er plasserte i nynorskområde. Det er sett som ein premiss for Vestlandsregionen at Fylkesmannen blir lagt til Leikanger. Noregs Mållag stør dette kravet.

Det er særleg viktig at ei reform ikkje gjev færre slike arbeidsplassar og mindre makt utanfor dei store byane. Då har reforma oppnådd det motsette av det som var føremålet: Motmakt har blitt til regional sentralisering. Det vil Noregs Mållag åtvare sterkt mot.

Magne Aasbrenn
Leiar, Noregs Mållag

Til toppen