Redaktør Svein Olav Langåker i Framtida.no er prosjektleiar for "Framtida junior", eit nytt nett-tilbod for elevar i barneskulen. Foto: Framtida.no
Redaktør Svein Olav Langåker i Framtida.no er prosjektleiar for "Framtida junior", eit nytt nett-tilbod for elevar i barneskulen. Foto: Framtida.no

Nynorskløft for barn på nett

Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) har fått ein halv million kroner til å etablere ein nynorsk nettstad for barn i alderen 7–12 år.

Sogn: Under det førebelse namnet Framtida junior skal nettstaden tilby dagleg oppdaterte nyheiter, faktaartiklar, kultursaker, boktips, spel, skrivekonkurransar, debatt, video, musikk og aktivitetar for barn i barneskulealder. Tilbodet kjem i tillegg til LNKs nettavis for ungdom og unge vaksne (15–25 år), Framtida.no , og nettmagasinet Magasinett , som er retta mot elevar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

– Det manglar i dag eit dagleg oppdatert digitalt tilbod på nynorsk for barnetrinnet, seier prosjektleiar og redaktør i Framtida.no Svein Olav Langåker.

Språkmelding-pengar

Magasinett fekk tidlegare i år 150.000 kroner frå Utdanningsdirektoratet til å førebu nettsatsinga, og no har altså Kulturdepartementet støtta prosjektet med 500.000 kroner frå oppfølgingsmidlane til språkmeldinga Mål og meining.

Dermed kan nettstaden bli ein realitet ein gong til neste år, mest truleg i regi av Framtida.no-redaksjonen, som òg har ansvaret for Magasinett.

– Det er veldig gledeleg at Kulturdepartementet vil støtte arbeidet vårt med å få meir godt innhald på nynorsk på nett. Målet vårt er å lage eit tilbod som er så spennande og godt at barna vil ha lyst til å bruke det i fritida, og så lærerikt og bra og nyttig at lærarane og foreldra vil ønskje at ungane bruker det på skulen og heime, seier Langåker.

Samarbeidspartnarar

LNK har knytt fleire samarbeidspartnarar til prosjektet, blant dei Samlaget, som skal bidra med tilgang til digitalt lesestoff på nynorsk, barnehagekulturavisa Pirion og ABC Startsiden. Norsk Barneblad lurer òg i kulissane.

– Vi har òg snakka med fleire lokalaviser og tar gjerne ein prat med fleire, seier Langåker.

– Ein viktig grunn til at vi har lykkast med Framtida.no, er at vi har hatt veldig mange gode samarbeidspartnarar.

Over 400.000 har vore innom Framtida.no til og med november i år, 59.000 berre i november. Dermed ligg nynorsknettavisa an til ein god årsrekord i 2016.

Til toppen