LOVSTRIDIG: Forfattar Sigrid Sørumgård Botheim meiner det er lett å sjå tendensar til kjønnsstereotypiar i ordbøkene, og spør om det kan vere behov for å revidere dei. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
LOVSTRIDIG: Forfattar Sigrid Sørumgård Botheim meiner det er lett å sjå tendensar til kjønnsstereotypiar i ordbøkene, og spør om det kan vere behov for å revidere dei. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Illustrasjon)

Nynorskordboka kan vere lovstridig

Utdaterte oppslag i Nynorskordboka og Bokmålsordboka kan vere i strid med likestillingslova og dermed ubrukelege i skulen, skriv nettavisa Framtida.no.

Indre Sogn: Forfattar Sigrid Sørumgård Botheim meiner det er lett å sjå tendensar til kjønnsstereotypiar i ordbøkene, og spør om det kan vere behov for å revidere dei.

– Dei fleste orddefinisjonane seier ingenting om menn elle kvinner, men i mange av eksempla som blir brukte, er det ein klar skilnad. Keisame verb eller ord som gjeld utsjånad, har oftast kvinner og barn i eksempla, mens tøffe eller valdelege ord har menn i eksempla, skriv Botheim i eit kommentarinnlegg i avisa.

Botheim viser mellom anna til definisjonen av substantivet ei syte , som Nynorskordboka forklarer slik: «person, særleg kvinne, som syter mykje». Verbetå syte er eksemplifisert med setninga «ho berre går og syter».

Kan vere lovstridig

Seniorrådgivar Taran Knudstad i Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner eksemplet er ein klar kjønnsstereotypi, og seier det kan vere lovstridig å bruke læremiddel som fremjar slike i skulen.

– Skular og andre undervisingsinstitusjonar har klare plikter etter likestillingslova om å bruke læremiddel som byggjer på likestilling uavhengig av kjønn, seier Knudstad til Framtida.no.

Endra verd

Direktør Åse Wetås i Språkrådet, som saman med Universitetet i Bergen, har ansvaret for ordbøkene, er klar over at det er behov for å revidere ordbøkene.

– Vi er smerteleg klar over at mange av tekstane i Nynorskordboka ikkje er reviderte sidan dei blei utvikla på syttitalet og tidleg åttital. Verda har endra seg sidan den gongen, seier Wetås, som håper det er mogelg å finne forskingspengar til ein snarleg revisjon. (©NPK)

Til toppen