Eivind Molde og Solveig Barstad på prisutdeling. Foto Karoline Riise Kristiansen, NRK
Eivind Molde og Solveig Barstad på prisutdeling. Foto Karoline Riise Kristiansen, NRK (Foto: Karoline Riise Kristiansen, NRK)

Nynorskpris til journalist Eivind Molde frå Gulen

Det kjem fram i ei pressemelding frå NRK Nynorsk mediesenter.

Gulen: Utanriksreporter Eivind Molde i NRK er årets vinnar av Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020. Det var ein svært overraska prisvinnar som fredag fekk prisen tildelt på NRK Marienlyst i Oslo.

– Tusen tusen takk, dette var utruleg overraskande, sa Eivind Molde då han forstod at han fekk prisen.

Journalist Eivind Molde i NRK får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020.
OVERRASKA: Journalist Eivind Molde i NRK får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020. Foto: Karoline Riise Kristiansen/NRK

I 2019 innfridde NRK, for fyrste gong, stortingsvedtaket frå 1970 om minst 25 prosent nynorsk i NRK. For å nå det målet har NRK drege vekslar på eit solid grunnfjell av nynorskbrukande journalistar i NRK, og Eivind Molde er i høgste grad ein del av det grunnfjellet, heiter det i fråsegna frå juryen. 

– Det som har vore viktig for meg, anten om folk sit på bussen med ei propp i øyret, les oss på nrk.no eller ser oss på tv, er at folk forstår oss i NRK, sa han vidare.

Stor innsats for nynorsken

– Prisvinnaren er ikkje av dei som stikk seg fram i utrengsmål. I over 30 år har denne smålåtne sogningen likevel gjort ein uvurderleg innsats for god journalistikk på nynorsk og godt språk generelt i NRK. Eivind Molde brukar eit klart og tydeleg språk og set nynorsk normaltalemål i høgsetet. Han lagar stoff til alle plattformer og har ei særleg evne til å framstille vanskelege forhold på ein enkel og forståeleg måte for den jamne lyttar, sjåar og lesar, skriv juryen.

Tidlegare har prisen vore utdelt under Dei Nynorske festspela i Aasentunet i Ørsta. Grunna koronapandemien vart prisen i år delt ut under eit lukka arrangement hjå NRK på Marienlyst i Oslo der også Eivind Molde har arbeidsstad.

Eivind er tryggare enn ordboka

– Eivind er tryggare enn ordboka, sa nyheitsdirektør Helje Solberg i sin tale under tildelinga.

– Jobben din har teke deg rundt heile kloden, ja faktisk til Antarktis. Klimajournalistikken din har sett tydelege spor. Det er fint at denne prisen går ikkje berre til ein god journalist, men til ein som hjelper andre. Folk som må gjere seg forstått i kuling og regn, som må stå støtt. Det gjer du, sa Solberg til prisvinnaren.

Føredøme for andre

Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar er på 75.000 kroner og eit kunstverk. Føremålet med prisen er å fremje bruk av nynorsk i media, og årleg ære ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre.

Prisen har vore delt ut sidan 2006, då Linda Eide, NRK, var den fyrste vinnaren. I fjor var det Kjersti Mjør i Bergens Tidende som fekk prisen.

Til toppen