TOMMEL OPP: Denne gjengen hadde det travelt bak kassa fyrste opningsdag.
TOMMEL OPP: Denne gjengen hadde det travelt bak kassa fyrste opningsdag. (Foto: Liv Einemo Tønjum)

BILDESERIE

Nyopning av Veekiosken, dagleg leiar: – Det har gått over all forventning

Ann-Helen Bukve, dagleg leiar på Veekiosken håpar at oppussinga vil bidra til ein litt anna setting enn den typiske kiosk settingen årdølene er vande med.

Årdal: I desember skreiv Porten.no at Veekiosken skulle gå ut av Mix-kjeden. Sundag opna dei dørene for fyrste gong etter oppussingen. 

– Eg har eigentleg vore halvrørt i heile dag. Det gjekk mykje betre enn eg hadde sett føre meg, seier Bukve.

Ho fortel at det har vore fullt køyr heilt fram til kveldingen, og at mange av dei nyaste menyane vart utseld. 

– Me har fått mange gode tilbakemeldingar på oppussinga, og eg ser at dette var etterlengta hjå årdølene. 

Bukve: – Me ynskjer å vera meir spiseri enn kiosk

Ho håpar no at Veekiosken kan tilby ein litt anna setting enn tidlegare. 

– Eg har lyst at kiosken kan bli ein plass der folk kan gå ut å setta seg på både dagtid og kveld, i ein litt anna setting enn typisk kiosk setting. 

Bukve er spesielt imponert over dei tilsette som har jobba på den travle opningsdagen.

– Dei har stått på i heile dag, og vore råflinke, fortel ho. 

Dagleg leiar er svært positiv til tida framover. 

– Det er no jobben begynna, men eg gler meg mykje til tida framover. 

(Foto: Liv Einemo Tønjum)
(Foto: Liv Einemo Tønjum)
(Foto: Liv Einemo Tønjum)
(Foto: Liv Einemo Tønjum)
(Foto: Liv Einemo Tønjum)
TOMMEL OPP: Denne gjengen hadde det travelt bak kassa fyrste opningsdag. (Foto: Liv Einemo Tønjum)
Til toppen