LEGG NED: Nyrstar legg ned sitt anlegg i Høyanger, det melder NRK. (Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK/Arkivfoto)
LEGG NED: Nyrstar legg ned sitt anlegg i Høyanger, det melder NRK. (Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK/Arkivfoto) (Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK/Arkivfoto)

Nyrstar legg ned anlegget i Høyanger – ordførar reagerer

Det trass i solid overskot i 2019, og produksjonsrekord i sommar.

Høyanger: I ei pressemelding skriv mediekontakt Gytha Steenvoorden i Nyrstar at dei set anlegget i ei "ivaretakelse og vedlikeholds modus", som det ordrett heiter i teksten. 

Vidare kjem det fram at jobbane til dei rundt 36 tilsette sannsynlegvis blir rørt av avgjerda. 

NRK skriv at fabrikken blir lagt ned, trass i overskot og produksjonsrekord. 

–  Det er ikkje noko bra avgjerd for oss. Vi har hatt mistanken, vi visste at det kunne skje. Men vi håpa i det lengste at det ikkje skulle skje, seier tillitsvald for arbeidarane på fabrikken, Terje Ljotebø til NRK.

Ordførar reagerer

– Viss dei trur dei kan komme seg herifrå berre ved å sende ei pressemelding, tek dei feil. Dei skal få stå opp for lokalsamfunnet, seier ordførar i Høyanger, Petter Sortland, til Firda torsdag kveld. 

Sortland seier vidare at dei ikkje har nokon grunn til å terminere leigekontrakta firmaet har med kommunen. 

– Dei skal få lov til å vere med på ein skikkeleg prosess med dei tilsette opp mot ny aktivitet, og å skanne marknaden for andre ting dei tilsette kan gjere. Viss ikkje det lukkast, får dei tilby fabrikken for sal. Det er ein attraktiv fabrikk med flinke tilsette, seier han til Firda. 

Porten.no har tekniske problem torsdag kveld. Teknisk jobbar med å ordne feilen. Vi beklagar dette.

Til toppen