Nysigneringa fann nettmaskene, men sein scoring øydelagde

No kan sogndølene kjenne stanken av nedrykkssona.

Sandefjord: Med Eirik Bakke på tribuna gjekk Sogndal på sitt tredje strake tap mot Sandefjord fredag kveld. 

Frå tribuneplass fekk han sjå vertane ta leiinga ved Håvard Storbæk like før pause. Men berre tre minutt etter kvilen kunne Bakke og Sogndal juble. Nysigneringa Reiss Greenidge, som Porten.no omtalte som eit mogleg angrepsvåpen tidlegare i veka, utlikna.

Lenge såg det ut til at Sogndal skulle kome frå det med eitt poeng, men i kampens siste speleminutt dukka Eirik Mjelde opp og sette inn 2-1-scoringa. Etter tre strake tap kan Sogndal no kjenne stanken av nedrykkssumpa. Berre to poeng skil dei frå Kristiansund som ligg på kvalikplass.

– Dette er surt, for eg synest vi var best. Me spelar fotball, me slepp inn mål seint i begge omgangane, seier Kjetil Wæhler til NRK etter kampen.

Utvik fekk speletid

Midtstopparen var tilbake i forsvaret i dag og fekk 74 minutt på bana før han blei bytta ut. Då kom Bjørn Inge Utvik inn, mannen som har vore ute med skade dei siste tre månadane. Det er positivt for Bakke og co, som mistar Wæhler til suspensjon etter det gule kortet han fekk i det 12. minuttet mot Sandefjord.

For Sandefjord-trenar Lars Bohinen vart oppgjeret meir nervepirrande enn han hadde sett føre seg.

– Dette vart meir neverpirrande enn eg håpte på, spesielt etter ein dårleg 1. omgang. Me endra til 3-5-2 og lykkast med det. Me tok presset og banespelet frå Sogndal, seier Bohinen til Eurosport.

No ventar tabellnabo Kristiansund neste helg i det som kan vise seg å bli ein svært så avgjerande kamp når poenga skal teljast opp seinare i haust.

Til toppen