MISTAR HALVE SESONGEN: Nysigneringen Kasper Nissen mistar iallfall første halvdel av sesongen etter at han rauk leddbandet i kneet. Foto: Youri van der Werve.
MISTAR HALVE SESONGEN: Nysigneringen Kasper Nissen mistar iallfall første halvdel av sesongen etter at han rauk leddbandet i kneet. Foto: Youri van der Werve.

Nysigneringen mistar store delar av sesongen

Kasper Nissen blir først å sjå i Sogndal-drakt til hausten.

Sogndal: Nysigneringen var uheldig på den siste treningsøkta før laget drog til Gran Canaria på treningsleir. Då rauk nemleg korsbandet i kneet til den unge dansken, skriv klubben på eiga heimeside.

Medan resten av laget drog sørover, reiste Nissen til Oslo for utgreiing og deretter heim til Danmark. Når hevinga har gått ned, skal han opererast. Deretter ventar mange timar med opptrening framover.

– Kasper har roke fremre korsband i kneet og skal opererast i Oslo når all hevelse er vekke. Dette er ein skade det tek lang tid å bli frisk frå, Kasper er tilbake på bana tidlegast i haust, fortel medisinsk ansvarleg Trond Vegard Ripe.

Fleire som slit med skade

Dansken er ikkje den einaste som slit med skade. Lars Christian Kjemhus måtte reise heim til Noreg etter berre nokre dagar på grunn av ein leddbandskade. Han skal vidare på utgreiing hjå ortoped.

Christophe Psyché har hatt eit brot i bekkenet, men er i gang med oppkøyringa. Det er usikker når han er tilbake. Kristoffer Ryland fekk fjorårssesongen øydelagt av ein meniskskade, men er i oppkøyring no, riktig nok med Sogndal 2.

– Ømme musklar

Elles driv Martin Ramsland med altrnativ trening på Gran Canaria på grunn av ein muskelskade, og Eirik Schulze har slitt med ein lyskeskade, men er snart tilbake for fullt.

– Elles er resten av gruppa friske og raske, litt ømme musklar er det nok ein del av, avsluttar Ripe.

Til toppen