Nysignerte Hoven sende Sogndal i leiinga då dei slo Ull/Kisa og landa på kvalikplass
(Foto: Toril Walker Norheim / Arkiv)

Nysignerte Hoven sende Sogndal i leiinga då dei slo Ull/Kisa og landa på kvalikplass

Andreas Hoven sette spor i sin debut for Sogndal Fotball. Eirik Schulze og Sigurd Haugen sette inn støtet og sende klubben til kvalikplass.

Sogndal – Ull/Kisa 3 – 0

Før start låg Sogndal på ein 8.plass på tabellen, éin plass over dagens motstandar Ull/Kisa. Då laga sist braka saman i vår vann Ull/Kisa 3-0 på Jessheim Stadion.  

Det er ein viktig kamp for heimelaget, for med tre poeng i lomma sundag, kan Sogndal koma opp på kvalikkplass til Eliteserien. 

Saftkokarane har ikkje vunne ein kamp i serien sidan 21.juli, og Ull/Kisa har hatt trøbbel på bortebane. 

Nysignering sende Sogndal i leiinga

Frå start er det ikkje tvil om at begge lag har augo på tre poeng. Ull/Kisa har fleire sjansar i dei første ti minuttane, og Sogndal slit med å få dei gode sjansane. 

I 16.minutt vert Eirik Schulze felt i ein duell, og det blir straffespark. Sigurd Haugen treppar opp og fyrar av, men det blei straffebom for Haugen. Like etter kontrar Ull/Kisa og får ein stor sjanse, men Eric Kitolano rekk ikkje ballen. 

PANGSTART: Andreas Hoven signerte nyleg for Sogndal fotball. I debut-kampen sendte han sin nye klubb i leiinga 1-0 mot Ull/Kisa. Foto: Rune Sjøberg / Sogndal Fotball

I 31. minutt slår nysignerte Andreas Hoven til, og visar at han var eit godt val. Schulze finn Hoven, som sikkert sette ballen i mål, og sende sin nye klubb i 1-0 leiinga. 

Etter scoringa er det eit stålsikkert Sogndal på bana. Dei styrer spelet og har flest sjansar. 

Schulze heada inn 2-0

Etter pause får Ull/Kisa ein sjanse. Ole Kristian Langås legg inn, og Eirik Lereng puttar nesten ballen i eige mål. Dei fem første minuttane er prega av mange cornarar og rot i feltet. I 54. minutt ligg Steffen Ernemann nede. I 61. minutt hamnar Sixten Jensen i bakken etter ei duell i lufta med ein Ull/Kisa-spelar.

I 66. minutt aukar heimelaget leiinga etter at Eirik Schulze scorar på hovudet etter målgjevande frå Sigurd Haugen. 2-0 til sogningane.

I 79. minutt får òg nysignerte Tomas Kristoffersen prøva seg, og går inn for Sivert Mannsverk. I 86. fekk Igoh Ogbu sleppe til, då han kom inn for Eirik Schulze. 

Spikar i kista

I 85. minutt fekk Haugen ein stor sjanse, etter tabbe frå Ull/Kisa-spelar Sakarias Opsahl. Haugen skyt, men treff keeper.

I 90.minutt får Sigurd Haugen keeper Stefan Hagerup åleine, og sette ballen kontrollert i høgre hjørne. 

Sogndal Fotball sine elleve til start: 
Mathias Lønne Dyngeland - Tomas Totland, Ulrik Fredriksen, Eirik Lereng, Andreas Hoven, Sixten Jensen, Sivert Mannsverk, Steffen Ernemann, Joachim Soltvedt, Eirik Schulze og Sigurd Haugen. 

Nysignerte Hoven har sin debut frå start for Sogndal, og Tomas Kristoffersen og Igoh Ogbu er på benken. 

På benken: Geir Stenehjem. Akor Jerome Adams, Eivind Helgesen, Jonas Fredriksen, Igoh Ogbu, Anders Johannesen Nord, Tomas Kristoffersen.

Til toppen