Forlaget Skald held fram satsinga på nyskrivne forteljingar for barn med ulike tematikkar. Den femte og siste boka i serien har tittelen Fantasiboka.
Forlaget Skald held fram satsinga på nyskrivne forteljingar for barn med ulike tematikkar. Den femte og siste boka i serien har tittelen Fantasiboka.

Nyskrivne fantasiforteljingar på nynorsk

Forlaget Skald held fram satsinga på nyskrivne forteljingar for barn med ulike tematikkar. Den femte og siste boka i serien har tittelen Fantasiboka.

Leikanger: Denne gongen har forfattarane ifølgje forlaget dukka ned i den magiske fantasiverda og trylla fram karakterar vi aldri har møtt før.

Tidlegare har forlaget hatt stor suksess med fire andre antologiar. Først kom Godnattboka, deretter Eventyrboka, Trøysteboka og Monsterboka.

Illustratøren Gunvor Rasmussen har illustrert bøkene med ein karakteristisk strek som også går att i den siste boka. Denne gongen debuterer ho i tillegg som barnebokforfattar med ei av historiene i boka.

Rasmussen er i godt selskap. Blant bidragsytarane finn vi mange kjende forfattarnamn. Dette er dei andre som har levert nyskrivne fantasihistorier på nynorsk: Maria Parr, Brynjulf Jung Tjønn, Erlend Kaasa, Odd W. Surén, Mette Karlsvik, Andreas Totland, Øyvind Vågnes, Øystein Vidnes, Linn T. Sunne, Kari Smeland, Solfrid Sivertsen, Karl Seglem, Tor Arve Røssland, Ingelin Røssland, Lars Mæhle, Bente Bratlund, Guri Sørumgård Botheim. (©NPK)

Til toppen