OPTIMIST: Kristoffer Nystedt, drivar av Utladalen Camping og Svalheim Gard, er godt nøgd med juni månad trass ein sein vår, men forventar elles ein veldig god sommarsesong. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OPTIMIST: Kristoffer Nystedt, drivar av Utladalen Camping og Svalheim Gard, er godt nøgd med juni månad trass ein sein vår, men forventar elles ein veldig god sommarsesong. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Nystedt har tru på ein veldig god sesong

Mykje har blitt gjort på Utladalen Camping og Svalheim Gard. Det gjer at Kristoffer Nystedt ser optimistisk på sesongen.

Det er nesten på dagen eitt år sidan Nystedt tok over campingsplassen. 1. juli i fjor tok han over drifta. På det året er mykje gjort. I november blei Svalheim Gard lagt under reiselivsparaplyen hans, og no har han tru på ein god sesong.

– Eg er veldig positiv til årets sesong. Me har pussa opp bada på hyttene, måla dei, investert ein del i fasaden og på sida av det kan me tilby Svalheim også. Når det gjeld pre-booking, er eg optimist, seier han.

Jubileumet vart feira beskjedent. Det går stort sett i arbeid for campingsjefen, som saman med gode hjelparar har stått på for å få alt klart til eit bryllup som skal vera på campingen.

Les også: No har han kjøpt Svalheim Gard

– Det er artig for oss at me blir brukt til slike ting også. Det er ein milepæl.

God start på sesongen

Sommarsesongen er godt i gong, og Nystedt seier han er nøgd med juni månad sjølv om vêret og dei enorme snømengdene har tala imot. 

– Alt har vore litt forsinka, men me hadde ein god juni trass i mange stengte fjellovergangar og frykteleg mykje snø i fjellet som gjorde det vanskeleg for vandrarane. Det har vore ein del kanselleringar, men samstundes har me hatt jamnt med besøk likevel, så det har vore veldig bra, seier han.

Sjølv om det har vore ope heile året dette året, er det no toppsesongen kjem. Nystedt seier han reknar opninga av Tindevegen som starten på sommarsesongen. Då handlar det om å visa skiglade folk at Utladalen er eit minst like godt alternativ som Turtagrø.

Oppsving

BRA TRØKK: Nystedt fortel at han merkar eit bra trøkk på Vettisfossen.
BRA TRØKK: Nystedt fortel at han merkar eit bra trøkk på Vettisfossen.

Men det er ikkje berre vandrarar og skifolk som besøker campingsplassen. Ifølgje Nystedt er det ein god variasjon av besøkande, og spesielt på bubilsida har han merka ein oppsving. 

– Eg merkar at det har vore mykje meir trøkk på Vettisfossen no enn i fjor. Eg merkar at folk er opptekne av å besøk fossen, ikkje berre på besøkande, men på trafikken forbi. Eg veit ikkje heilt kva det skuldast, seier han.

Det er sjølvsagt positivt for ein som er oppteken av å selja opplevingar. Og slik det ser ut, har god grunn til å vera optimist.

Les også: Meiner Årdal har eit godt utgangspunkt for reiseliv

– Slik det ligg an har eg mykje meir bestillingar enn i fjor. Det ser ut som det går mot ein veldig god sesong både på Svalheim og på campingen. Det trur eg skuldast ein del gode tilbakemeldingar. Jungeltelegrafen har vore bra. Det er mange som ringer meg fordi andre var her i fjor, og så er det mange som kjem att fordi dei hadde det så kjekt.

– Dessutan er det mange fleire utanlandske turistar i år på grunn av kronekursen. Og trenden i Noreg er å feriere i landet. Eg har veldig stor tru på dette med å vera på bilferie og roadtrips. Og igjen, så er aktiv ferie noko folk er opptekne av. 

Store forandringar

Mykje er gjort på eit år. Når ein passerer plassen, ser ein fort at ting har endra seg, men det er først og fremst innanfor veggane at ting verkeleg er fornya, til dømes i våningshuset der det er flott pub og bar.

– Det har me oppgradert frå eit lagerlokale, nærast falleferdig bygg, til ein fantastisk villmarkspub i Helge Ingstad sin ande, smiler Nystedt og legg til at dei har ope kvar dag, og at det ikkje finst opningstider.

Artikkelen held fram under biletet.

NYTT TILBOD: Etter at han kjøpte Svalheim Gard har han nytta tida godt. Våningshuset er no gjort om til ein pub og bar.
NYTT TILBOD: Etter at han kjøpte Svalheim Gard har han nytta tida godt. Våningshuset er no gjort om til ein pub og bar.

– Me seier aldri nei.

I tillegg er det 150 år gamle stabburet rennovert og gjort om til to overnattingsrom. 

– Me følte at me ville komplimentera det totale tilbodet. Det aukar moglegheita til å stå på fleire bein, at ein får ting til å gå rundt når det gjeld heilårsdrift. Me har vore så heldige at folk har sett pris på å koma hit og brukar oss utanom sesong. Det gir eit fint grunnlag å byggja vidare på. 

Til toppen