Korleis naut du vårhelga? Ole Eggen og Ivar Garpestad brukte sundagen på Kjeringi Open, Emil Saue hadde late ettermiddagar i hengekøya og Eirik Lien kom seg på fjellet.
Korleis naut du vårhelga? Ole Eggen og Ivar Garpestad brukte sundagen på Kjeringi Open, Emil Saue hadde late ettermiddagar i hengekøya og Eirik Lien kom seg på fjellet. (Foto: Privat)

Nyt vårsola medan me har ho

Våren er for alvor komen til Indre Sogn, men snart vert den sommarlege temperaturen bytt ut med regn.

Indre Sogn: Denne helga har vore prega av skyfri himmel og temperaturar som ikkje liknar Vestlandet i april. Mange har nytta høvet til å koma seg på fjellet, fjorden eller berre ut på verandaen.

Men har du ikkje fått nyte dei varme strålane bør du skunda deg, for no skal vêret snu.

– Også måndag får me fint vêr, men noko meir vind. På ettermiddagen trekk nokre skyar inn og temperaturen går nok litt ned, seier meteorolog Tone Christin Thaule ved Meteorologisk Institutt.

Tysdag kjem eit lågtrykk inn mot Vestlandet, og i kveldinga kan dei på kysten venta seg stiv kuling. I Indre Sogn kjem nok ikkje nedbøren før natt til onsdag.

– Men heile resten av sundagen er det berre meldt godvêr, so ein må berre nyta det medan ein har det, seier Thaule.

Korleis har du brukt denne vårhelga? Send oss gjerne bilete på Facebook eller epost tips@porten.no

Til toppen