Lærdal/Vang: Gode krefter på begge sider av fjellet ønskjer å jobba saman for å utnytta potensialet til Kongevegen.
Bransjetreffet har fått namnet Kongedagen, og blir arrangert for første gang på Tyinkrysset fjellstove i mars i år. Tanken er at det skal bli ei årleg affære.

– Kongevegen er ein x-faktor for reiselivet i både Valdres og Sogn og me lyt arbeida saman for å løfta fram potensialet som ligg i vegen. Difor dreg me i gong denne årlege samlinga for alle som er involvert i vegen på den eine eller andre måten, fortel Knut Maristuen, leiar av kongevegnettverket, i ei pressemelding.
Eit tjuetals bedrifter i Vang og Lærdal er med i nettverket. Kommunane, destinasjonsselskap, Valdres Natur og Kulturpark, Lærdal næringsutvikling og Innovangsjon (ikkje ein skrivefeil) vil vera til stades på bransjetreffet.
I år vil diskusjonen særleg sirkla rundt tema som vandre- og sykkelturisme.
– Haaken Christenensen frå Innovasjon Norge innleiar dagen med å snakka om dette, og me held fram med å få innspel frå andre regionar som har lukkast. Fleire av innlegga vidare gjennom dagen går på potensialet i desse opplevingane, seier Maristuen.