NYTT SYSTEM: Det nye betalingssystemet til Fjord1 gjer det billigare å reise saman, men dyrare om ein pendlar åleine. Foto: Anne Karin Skjær
NYTT SYSTEM: Det nye betalingssystemet til Fjord1 gjer det billigare å reise saman, men dyrare om ein pendlar åleine. Foto: Anne Karin Skjær

Nytt billettsystem gjer det dyrare å pendle åleine 

Det er derimot billigare om du reiser fleire saman. 

1. januar vart det innført nytt billettsystem på to ferjestrekkningar i fylket. Frå årsskifte fekk billettørane på ferjesambanda Mannheller–Fodnes og Dragsvik–Hella–Vangsnes utdelt billettmaskiner med nye prissatsar. 

- No betalar ein berre for køyretøyet og ikkje for passasjerane, seier  Christine Hammersvik, regionsdirektør for Nordfjord/Indre Sogn/Ytre Sogn.

Satsane endra seg

Utan rabattkort har prisen for ein bil på inntil seks meters lengde stige frå 29 kroner til 106 kroner på Mannheller-Fodnes. Elbilane betalar berre 47 kroner. 

- Bakgrunnen for å innføre autopassinfføring er for å forenkla reisa for dei reisande og dei som jobbar på ferjene, seier Anders Sæternes ferjekoordinator for Statens Vegvesen i Region vest. 

Framleis skal billettørane ta i mot betaling, men det kan fort endra seg. 

I løpet av året er målet at ein berre skal kunne køyre om bord med ein autopassbrikke festa i frontruta. Då vil ein ikkje trenge verken rabattkort, bankkort eller kontantar.

Regionsjefen seier at dette kan komme på plass allereie i slutten av året, eller starten på 2017. 

- Ingen negative tilbakemeldingar

Det nye betalingssystemet har vore oppe å gått i nesten ein månad no og Sæternes har ikkje fått nokon spesielle tilbakemeldingar på det nye systemet.

-  Alt går som det skal så langt. Løysinga vert utvida til dei fleste riksferjesamband i tida framover. Det vert ei gradvis utviding når dei forskjellige kontraktane skal fornyast, seier han. 

For dei aller fleste er det snakk om marginale kostnadsendringar og ikkje noko ein kan tape store pengar på, ifølge Sæternes. 

- Dei som er dagpendlar vil få ein litt dyrare reise, medan dei som reiser saman får ein billigare tur med ferja, seier han. 

Til toppen