STØNAD TIL BORNEIDRETT: - Kvifor reduserer Sogndal kommune stønaden til idrettslaga? spør styreleiar i Sogndal idrettsråd (SIR), Jan Erik Weinbach.
STØNAD TIL BORNEIDRETT: - Kvifor reduserer Sogndal kommune stønaden til idrettslaga? spør styreleiar i Sogndal idrettsråd (SIR), Jan Erik Weinbach. (Foto: Bjørn Erik Pedersen Creative Commons / Privat)

MEININGAR

Nytt budsjett føreslår stønad til idrettslaga på 16 kroner per born – har ikkje kommunen råd til meir?

Det spør leiar i Sogndal Idrettsråd, Jan Erik Weinbach i dette lesarinnlegget.

I framlegg til kommunebudsjett for 2019 er støtta til idrettslaga konkretisert slik: 65.200 kroner (totalt) i direkte stønad. I 2018 var det sett av 125.000 til stønad for leige av idrettshallen, det er føreslått fjerna i 2019.

Dei 13 Idrettslaga i Sogndal kommune har 4045 medlemmar. I framlegget til budsjett for idrettslaga utgjer den samla stønaden for 2019 er altså 16 kroner per born per år.

Til samanlikning er det på budsjett for organisert idrett sett av 275.000 kroner til Fjellsportfestivalen, som er ein flott festival og gjerne må få meir for min del.

Poenget er at det blir budsjettert med meir enn fire gonger så mykje til ein festival enn til idrettsborna. Har ikkje kommunen råd til å støtta idretten like mykje?

Skal arbeida for å styrka idretten

Sogndal Idrettsråd (SIR) skal vera det sentrale organet for all idrett i Sogndal kommune for Norges idrettsforbund.

Det betyr at SIR blant anna skal arbeide for å styrka idretten sine rammevilkår. På årsmøtet vårt blei det blant anna vedteke at SIR i 2018 og 2019 skal arbeida med å «påverka politikarar til auka budsjettrammer og tilskot for idretten».

I gjeldande idretts- og friluftsplan for Sogndal kommune står følgjande: 

«Barn og ungdom er særleg prioriterte grupper, og vi skal vera mellom dei beste i landet på fysisk aktivitet i skulen. I samarbeid med skular, idrettslag og friluftsorganisasjonar vil kommunen leggje til rette for auka friluftsaktivitetar, breiddeidrett og idrett på høgt nivå.»

Vidare står det under under punkt for strategi:

  • Vi skal prioritere drift, vedlikehald/rehabilitering og bygging av anlegg slik at barn og unge kan drive allsidig aktivitet i nærmiljø og skule.
  • Grøne område og plass til eigenorganisert aktivitet er ein føresetnad i alle skuleområde.
  • Vi skal prioritere anlegg og tilrettelegging som byr inn til spontan aktivitet og bruk av elv, fjord og grøne område i sentrum.
  • Vi skal samarbeide med lag, organisasjonar og institusjonar (primært skulane) for å auke aktiviteten mellom innbyggjarar og gjester i Sogndal, og samordne drift og bygging av anlegg og tilrettelegging for fysisk aktivitet

Kulturdepartementet er tydelege på at idrett og fysisk aktivitet har stor eigenverdi, og at frivillig sektor fyller viktige roller både for samfunnet og enkeltpersonar.

Idrettslaga og dugnadsheltane i Sogndal gjer ein kjempejobb og tilbyr idrettsborna sunn og sosial aktivitet kvar dag året rundt. Honnør og hatten av for kvar og ein av dei! 

– Kvifor redusera stønaden?

Eit anna perspektiv er at handballgruppa til Sogndal idrettslag betalar kring 440.000 i årleg leige av treningshall.

Dei har 204 medlemmar inklusive trenarar, støtteapparat og styre. Det vil sei at leigeutgifter åleine utgjer 2200 kroner pr. medlem og 2600 kroner per born/utøvar.

Utgifter til blant anna drakter, ballar, dommarar, kampreiser kjem i tillegg. Då blir 16 kroner ubetydelig. 

Det er sjølvsagt flott at det er foreslått å auke stønaden til Fjellsportfestivalen med 50.000 i 2019. Men, kvifor redusere stønaden til idrettslaga?

Kommunen har millionoverskot

Sogndal kommune har i perioden 2010 til 2017 gått med 242 millionar i overskot etter at drift, renter og avdrag er betalt (netto driftsresultat).

Dei fem siste åra har kommunen budsjettert med 69 millionar i overskot. Det faktiske overskotet har i perioden blitt 197 millionar. 

Det er ikkje mange kommunar i Noreg som har så bunnsolid økonomi. Dersom politikarane våre vil, så har dei pengar å ta av. Torsdag 22. november får vi sjå kva dei ulike partia vil.

  • Reknestykket for meiningsinnlegget tek utgangspunkt i 65.200 kroner fordelt på 4045 born. Eit born kan vere medlem i to idrettslag, men ikkje delta i same idrett i dei to idrettslaga.
Til toppen