SPORTSBIL: Den første bilen frå Detroit Electric har same utgangspunkt som den første modellen til Tesla, Roadster, nemleg Lotus Elise. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /
SPORTSBIL: Den første bilen frå Detroit Electric har same utgangspunkt som den første modellen til Tesla, Roadster, nemleg Lotus Elise. FOTO: Morten Abrahamsen / NTB tema /

Nytt elbilmerke på veg til Noreg

Detroit Electric ønskjer å bli ein premium elbilprodusent. Med bilar som er raske, som kan fungere som kraftkjelder for omgivnadene og delast mellom ei rekkje brukarar.

– Vi prøver å ikkje følgje Tesla, seier konsernsjef Albert Lam i Detroit Electric som gjestar Noreg i samband med ei slags førpremiere på bilen dei har kalla SP: 01. Vi møter han hos bilforhandlaren Carpoint på Fornebu utanfor Oslo, som er den norske importøren til merket.

Den offisielle debuten skal bilen ha mot slutten av året, og bilane han har med til Noreg er prototypar.

Grunnen til at Lam nemner Tesla, er at alle andre også gjer dét når dei ser framdriftsplanen til Detroit Electric. Den første bilen, SP: 01, er ein liten og svært kvikk sportsbil basert på Lotus Elise. Akkurat slik Tesla starta med sin Roadster.

Detroit Electric er også eit ganske nystarta konsern, likevel med eit gammalt namn, som ønskjer å revolusjonere bilbransjen med heftige, elektriske bilar.

Artikkelen held fram under biletet

TRONGT: Det er trongt og det krev fysisk fleksibilitet for å komme seg inn og ut av kupeen.
TRONGT: Det er trongt og det krev fysisk fleksibilitet for å komme seg inn og ut av kupeen.

Sju års utvikling

Lam gir oss først ein leksjon om historia til Detroit Electric, som blei starta av mellom anna Thomas Edison i 1907. Dei laga elbilar til 1939, og elektriske apparat fram til 1995, då dei gjekk konkurs.

I 2008 sluttar Lam i Lotus, før det var han i Apple. I Lotus ønskte han at bilprodusenten skulle skape «den neste iPaden». Lam ville at dei skulle satse på elbilar, noko leiinga i Lotus meinte var for tidleg.

– Bilen vi har her, er eit resultat av sju års utvikling. Denne eine modellen definerer merket, og vi må treffe med den.

Han er ikkje så uroa for samanlikninga med Tesla.

– Tesla Roadster har komme og gått. No er SP: 01 den einaste sports-elbilen på marknaden, seier Lam.

Reint utsjånadsmessig er bilen temmeleg lik ein Lotus Elise, bilen den er basert på, men teknisk sett er han naturleg nok svært forskjellig frå bensinbilen.

Han har ein batteripakke på 37 kWh som skal gi SP: 01 ei rekkevidd på 288 kilometer. Med manuell girkasse gjer den null til hundre på 3,9 sekund, og effekten svarar til 286 hestekrefter. Vekta er 1.175 kilo, 20 kilo mindre med automatgir.

Artikkelen held fram under biletet

LAMPE: Bilen kan også sende straum tilbake i nettet og fungere som ei kraftkjelde. Jan Petter Kamark er dagleg leiar hos den norske importøren, Pæreholder. konsernsjef Albert Lam i Detroit Electric til høgre. 
LAMPE: Bilen kan også sende straum tilbake i nettet og fungere som ei kraftkjelde. Jan Petter Kamark er dagleg leiar hos den norske importøren, Pæreholder. konsernsjef Albert Lam i Detroit Electric til høgre. 

Bildeling

SP: 01 skal også kunne koplast opp mot smarttelefonar, slik at ein kan følgje med på ladeprosessen, eventuelt starte eller avslutte han via ein app. Han skal i tillegg kunne fungere som ei kraftkjelde for omgivnadene, ved at han kan sende straumen tilbake igjen. Dette er særleg interessant i område der det ikkje er uvanleg at straumen fell ut. Så kan ein «snu» straumen igjen når han er tilbake. Lam viste dette ved å kople ei lyspære til eitt av dei to straumuttaka til bilen.

– Dette er det særleg stor interesse for i land som Japan.

Lam trur bildeling blir viktig i åra som kjem, og fortel at dei ønskjer å få til eit system for dette. Planen er at ein har eit bildelingssystem som kan minne om bysyklane i Oslo. Han ser for seg at ein kan spore opp ledige bilar via armband, som også låser opp bilen og hugsar preferansane dine.

– Så betaler ein berre for bruken, minutt for minutt. Dette er tilgjengeleg teknologi, men ein må setje det saman. Her skal vi vere i forkant.

Demonstrasjonsbilane dei har med, skal vere 85 prosent av det som blir det ferdige produktet. Det betyr at noko av finishen, både visuelt og teknisk, treng ein siste finpuss. Dette gjorde også at turen i bilen blei med ein sjåfør.

Kjem meir

Akselerasjonen er som i dei heftigaste elbilane, med andre ord som i Tesla, medan bilen sitt utgangspunkt, ein Lotus Elise, gjer at ein bør ha ganske fleksible ledd ved av- og påstiging. Bilen vi sat på i hadde manuelt gir, noko som er ganske uvanleg i ein elbil. Dette gir ei meir involvert køyrekjensle og ei moglegheit for å kunne kontrollere kreftene meir nøyaktig – ein funksjon dei meinte vil gjere bilen ekstra bra under banekøyring.

SP: 01 skal vere ein døropnar for selskapet. Ein handbygd sportsbil som skal skape eit image, som skal bane veg for fleire og større bilar i det lukrative premiumsjiktet, ifølgje Lam.

– Om 18 månader er vi klare med ein ny og større sportsbil. I starten av 2019 skal vi lansere ein sedan på størrelse med Audi A6 med lang akselavstand. Seinare same år kjem vi med ein SUV basert på same plattform som sedanen. Alle bilane skal vi utvikle og byggje sjølv.

Lam bruker Maserati som eit eksempel på størrelsen og imaget dei ser for seg, og siktar mot ein produksjon på mellom 50.000 og 60.000 bilar i året.

– Bilane våre skal få både større rekkevidd og bli enda raskare, seier Lam. 

Til toppen