Årdal: Stian Offerdal Vatlestad er midt i fagprøven sin. I eit hjørne på verkstaden på Årdal vidaregåande skule jobbar han med ei oljepumpe som skal overhalast. Vatlestad er lærling hjå Østfold Energi.
I fleire år har lærlingar kunne teke fagprøven i automasjon ved Årdal vidaregåande skule, men frå i haust kan også industrimekanikarar gjere det same. For ein skulesektor som heile tida er trua på grunn av økonomi, er det ein styrke å kunne tilby dette.
– Industrien er sterk er i Årdal, så det er viktig at me kan tilby dette. Det er jo frå denne skulen dei fleste kjem frå, så då er det greitt at dei kan ta fagprøven her òg, seier lærar og fagprøveansvarleg Even Øren.
Viktig for bedriftene
Skulen har nemleg investert rundt 150.000 kroner i nytt utstyr og laga til eit eige rom der industrimekanikarane kan ta fagprøven sin. Dessutan har dei fått sponsa løftebord frå Hydro, fundament til kran frå HMR Hydeq og sjølve krana frå Hydro Energi. For bedriftene er dette viktig.
– Det er litt spesielt for normalt sett har ikkje me lærlingar på industrimekanikarar, og då er det bra at det finst moglegheiter når ein ikkje kan tilby sjølve fagprøven innomhus, seier Bjørn Røvik, kraftverksjef Østfold Energi.
Øren fortel at dette er noko bedriftene har etterspurt. I bedriftene er det hektiske dagar, og når to år med læretid er over, kjem ofte fagprøven brått på.
– Bedriftene er difor villig til å betala den prisen det kostar for å sleppa å gjere dette sjølv. Dersom lærlingen skal ha med seg ein person og bedriftene skal lage oppgåve, så vil det kosta like mykje som at me gjer det, seier han.
Legg til rette
Skulen legg då til rette for at eleven har alt han eller ho treng for å kunne ta fagprøven.
– Og så har du ei fagprøvenemnd som sit lokalt her i Årdal. Dei godkjenner prøven før den blir sendt ut til bedrifta. Me legg til rette for at han skal ha alle verktøy han treng, han kan spørja oss om det er noko han treng hjelp til, men det er nemnda som godkjenner prøven, forklarar Øren.
Hovudpersonen sjølv synest det er eit godt tilbod.
– Det er heilt topp å stå her og arbeida. Her har eg alt eg treng av verktøy og god plass å jobbe på. Viss ikkje eg kunne vore her, måtte eg ha stått hjå Østfold Energi, og det er greitt, men det er jo ikkje alle bedrifter som har det tilrettelagt for ein fagprøve, seier Vatlestad.
Tett samarbeid
Endå betre; alt skjer i samarbeid med Sogn Opplæringskontor som held til rett over gangen omtrent.
– I første omgang er det bedriftene som er tilknytt opplæringskontoret som får tilbodet. Det er dei som er bindeleddet mellom oss og bedriftene, seier Øren.
– Det vil seia at ein elev som startar skulegangen sin her og går ut i lære i ei lokal bedrift under Sogn Opplæringskontor, vil bli fulgt opp av det same systemet heile vegen til han tar fagprøven, legg Asle Aannevik, som er fagprøveansvarleg saman med Øren.