FERDIG MONTERT: Her er det permanente fanggjerdet over Finnsåstunnelen på plass.
FERDIG MONTERT: Her er det permanente fanggjerdet over Finnsåstunnelen på plass.

Nytt fanggjerde på plass over Finnsåstunnelen

No blir det fri ferdsle fram til påska er ferdig.

Årdal: Det permanente fanggjerdet over Finnsåstunnelen er no ferdig montert, og fjellsikrarane tek ferie frå tysdag ettermiddag. Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Arbeidet med fanggjerdet har gått effektivt, og fjellsikrarane har utnytta godvêrsperiodane me har hatt veldig bra. Dei har verkeleg stått på for å bli ferdig til planlagt tid, seier fungerande byggjeleiar på rassikring, Silje Storevik Moe i Statens vegvesen.

Det blir dermed fri ferdsel på fylkesvegen mellom Årdalstangen og Fodnes fram til arbeidet startar opp att etter påska.

Mesta fjellsikring skal då mellom anna gjera ein siste reinsk mellom det permanente gjerdet og vegen.

Til toppen