NYTT FUNN: Veterinærinstituttet stadfestar tysdag at det er påvidt eit nytt tilfelle, det 6. i Noreg, av skrantesjuke hjå hjortedyr. Den nye påvisinga er eit resultat av eit forskingsprosjekt på nye testmetodar leia av instituttet. Arkivfoto: Lars Nesse.
NYTT FUNN: Veterinærinstituttet stadfestar tysdag at det er påvidt eit nytt tilfelle, det 6. i Noreg, av skrantesjuke hjå hjortedyr. Den nye påvisinga er eit resultat av eit forskingsprosjekt på nye testmetodar leia av instituttet. Arkivfoto: Lars Nesse.

Nytt funn av skrantesjuke på villrein i Nordfjella

Det er funne skrantesjukesmitte på ein av villreinane i Nordfjella som i vinter vart merkt med GPS-sendar. Bukken skal no skytast for å hindre spreiing.

  • Endret

Aurland: Det er Miljødirektoratets operative feltorgan, Statens naturoppsyn (SNO), som er bedt om å førebu uttak av villreinbukken. Bukken vart merkt med GPS-sendar i slutten av mars i år, og det blir rekna som enkelt å finne den att for uttak.

– Funnet er ikkje uventa og stadfestar etter vår meining behovet for å sanere villreinflokken i området for å hindre vidare smittespreiing, seier CWD-koordinator og forskar Jørn Våge ved Veterinærinstituttet i ei pressemelding.

– På grunn av føreforholda i fjellet er det no mest hensiktsmessig å nytte helikopter for effektiv lokalisering og utfrakting av dyret. Det er også aktuelt å bedøve dyret frå lufta dersom dette kan gjerast utan å forstyrre simler med kalv, som er svært sårbare på denne tida, seier seksjonsleiar Kjartan Knutsen i Statens naturoppsyn.

Førre veke vart det klart at villreinstammen i Nordfjella skal takast heilt ut, før han etter fem år skal byggjast opp igjen med friske dyr. Stammen skal i første omgang takast ut gjennom ordinær jakt, deretter overtar eit statleg jaktlag, før ein til sist må vurdere å samle reinen for å få tatt ut dei siste dyra.

Stammen skal vere borte innan 1. mai 2018. Prislappen for uttaket og oppattbygginga av stammen er berekna til rundt 100 millionar kroner.

Før det siste smittetilfellet vart kjent, anslo fagetatane at mellom 5 og 40 dyr er smitta av den ulækjelege hjernesjukdommen.

(©NPK)

Til toppen