Brekke: — Eg kjem til å søkje meg til Dale. Eg hadde tenkt å gå i Førde, men med det nye nærskuleprinsippet i Vestland er ikkje skulen i Førde rekna som ein nærskule for oss og det vert difor Dale i staden for, seier Mathea Yndesdal, som går i 10. klasse ved Brekke skule.

Nytt fylke gjorde Knarvik til nærskulen deira, men fleirtalet vil helst til gamlefylket
Elevane ved Brekke skule meiner det nye nærskuleprinsippet har skrenka inn moglegheitene deira der dei helst ønskjer å gå på vidaregåande skule.