HIT: Flåmsdalenløpet, som går av stabelen første helga i juni, endar her ved Vatnahalsen hotell etter 820 høgdemeter og 21 kilometer. Arkivfoto
HIT: Flåmsdalenløpet, som går av stabelen første helga i juni, endar her ved Vatnahalsen hotell etter 820 høgdemeter og 21 kilometer. Arkivfoto

Nytt halvmaraton går av stabelen til helga

Det nye halvmaratonløpet – Flåmsdalenløpet blir arrangert laurdag 3. juni. Løpet går langs Rallarvegen med start på Flåm Brygge til Vatnahalsen hotell.

Aurland: Det er Nordic Ski Team og Aurland IL som startar det nye halvmaratonløpet, det vil seia 21 kilometer.

Løparane spring gjennom Flåmsdalen, forbi Rallarrosa stølsysteri og opp dei 21 bratte hårnålsvingene til Vatnahalsen hotell. 

Løpsleiar Bjørn Sveum fra Nordic Ski Team ser fram til arrangementshelga og håpar på ei flott gjennomføring det første året.

–Løpet skil seg ut med sin spennande løypeprofil omkransa av vakker natur. Eg har delteke på mange løp og skirenn opp gjennom åra; tilbodet til mosjonistar og eliten er godt i Noreg. Men no gler eg meg verkeleg til å gjennomføra og leia Flåmsdalenløpet som skil seg ut med sin spektakulære og tøffe avslutning mot mål, seier Sveum i ei pressemelding.

Kulturhistorisk vandring for familiar

820 høgdemeter skal løparane stiga. Arrangøren har sett ei avgrensing på 300 deltakarar. For dei yngste familiemedlemmane blir også Familierallar´n med start frå Blomheller stasjon arrangert. Dette er ei kulturhistorisk vandring utan tid opp til Vatnahalsen. Undervegs blir det enkle postar med quiz for dei minste.

–Arrangementet er nytt og me både håpar og trur at fleire lokale sprekingar vil melda seg på. Dette skal bli ein folkefest der me satsar på stort engasjement. Flåmsdalenløpet er slik sett eit familiearrangement der dei som ønskjer kan gå Familierallar´n frå Blomheller stasjon til Vatnahalsen, fortel Sveum.

Grilling og underhaldning etter løpet

Arrangøren satsar på ei aktiv helg på Vatnahalsen. Etter løpet blir det premieutdeling, grilling og underhaldning.

– Me ønskjer å skapa dei beste rammer for fine opplevingar i området og håpar så mange som mogleg blir att etter løpet for grilling og underhaldning. Det blir også jobba med eit aktivitetstilbod på søndag, røpar løpsleiaren.

Flåmsdalenløpet samarbeider tett med stiftinga Aktiv mot kreft og overskotet av arrangementet går til etableringa av Pusterom – treningssenter på kreftsykehus.

Til toppen