Nytt klubblokale, sterke karar og skulefrukost. Fekk du med deg desse sakene?

Nytt klubblokale, sterke karar og skulefrukost. Fekk du med deg desse sakene?

Dette er dei fem mest leste sakene på Porten.no siste veka.

Sogn: Har du ikkje fått med deg alt av nyheiter den siste veka? Fortvil ikkje, her får du kort oppsummert dei fem best leste sakene på Porten.no den siste tida.

Årdal e-sport pussar opp nytt klubblokale

Den snart eitt år gamle klubben Årdal E-sport har mål om å etablere eit permanent klubblokale i 2020. På tampen av året er dei no godt i gang med renoveringa.

Staden er næringslokalet til tidlegare Farnes Storkiosk i Øvstetunsvegen 2. Her meiner dei at det er gode høve for eit sterkt tilbod til alle aktive innan miljøet.

NYTT LIV: I fyrste etasjen her vert det renovert for Årdal E-Sport. Foto: Kristine Haglund

– Lokalet er på vel 150 kvadrat og er no under full oppussing. Planen er å ha eit variert og sterkt tilbod til miljøet, og at det skal verte ein møteplass og eit øvingslokale for dei som er med i klubben, når dei ikkje konkurrerer, seier nestleiar i Årdal E-Sport, Arne Håkon Laberg.

  • Les heile saka her.

I fleire veker har dei servert frukost på skulen

Jaran Otterdal og kameratgjengen har i fleire veker samlast til felles skulefrukost ved Årdal vgs. 

– Me tykkjer det er heilt fantastisk, seier Otterdal. 

TIDLEG PÅ: Kantineansvarleg Margot Kvam og miljøkordinator Helge Øren steller gladeleg i stand frukost til elevane i Årdal. Foto: Synne Asheim Haga

For nokre veker sidan bestemte fylkestinget at alle videregåande skular i Vestland skal tilby og servere skulefrukost inn mot jul. Etter tre veker med testing er dommen frå kameratgjengen klar. Dei vil det skal halde fram. 

– Me tykkjer det er kjekt og sosialt. Det er rett og slett tyngre dei dagane det ikkje er felles frukost, seier Olai Hatlelid Holsæter. 

  • Les heila saka her.

Ønskjer å lokka dei sterkaste i landet til konkurranse på heimebane

I juni ønskjer Kim Næss, Bjørnar Kvernstuen, Jørn Erik Bolstad og Vegill Rebni Kjer å starta ein ny tradisjon under Lustramarknaden. Dei planlegg nemleg å arrangere ein strongman-konkurranse med namnet, Bingopower Classic.

STERKE KARAR: Fire lustringar ønskjer å lokka dei sterkaste i landet til konkurranse på heimebane. Foto: Privat

– Det er ganske mange gode utøvarar som har blitt oppfostra her i frå. Så har det aldri vore konkurranse her. Det tenkte me var på tide. Difor har me invitert heile landet for å laga litt show for publikum og litt slikt, seier Bjørnar Kvernstuen.

Han legg til at dei prøver å lokka dei sterkaste i landet til konkurransen, som skal innehalde seks øvingar.

  • Les heile saka her.

Joar håpar på grønt lys frå kommunen for ny storsatsing

Etter ein tøff haust med lite sal på restauranter og barer, er det daglegvarebutikkane som har sørga for at Balder nærmar seg grøne tal. I håp om å bikke over grensa køyrer dei difor på med ein heilt ny satsing inn mot juletidene.

AKTIV: – Bestillingane har komme jamn og trutt gjennom heile hausten, fortel Joarn Njøs for Balder bryggeri. Men framleis har dei eit lite stykke å gå for å hamne i pluss. Foto: Ola Weel Skram

– Om eg kunne ha laga ei klone av meg, skulle eg gjerne ha gjort det for arbeidets skuld, seier Joar Njøs i Balder bryggeri med eit lurt smil. 

Trass nedstengingar og eit lite uteliv landet over, har det populære bryggeriet frå Leikanger klart seg tålelig bra. Mykje takka være lokale utsalgsbutikkar. 

Det betyr også mykje ekstra jobb for Systrendingen.

  • Les heile saka her.

Hjørnesteinsbedrift mistar hundre tilsette

Tidlegare i haust kom beskjeden om at Havyard legg om drifta på verftet i Hyllestad i 2021. 

Verftet i Hyllestad vil frå no av arbeide meir med reperasjon og service. Dei har tidlegare drive meir med nybygging av båtar. 

HYLLESTAD: Ordførar Kjell Eide Hyllestad. Foto: Ola Weel Skram

Med dette må verftet redusere staben med om lag 100 tilsette. 

I ei pressemelding torsdag ettermiddag kjem det fram at fleire aktørar i kommunen no har sett ned ei utval for å minske konsekvensane av avgjerda. 

  • Les heile saka her.
Til toppen