KOLONNEKØYRING: No er det berre kolonnekøyring i ei strekning i Lærdalstunnelen. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesen.
KOLONNEKØYRING: No er det berre kolonnekøyring i ei strekning i Lærdalstunnelen. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesen.

Nytt kolonneopplegg i Lærdalstunnelen

No køyrer ein berre kolonne gjennom den delen av tunnelen der det pågår fysisk arbeid. 

- Arbeidet vart ferdig raskare enn venta, og delar av tryggleiksutstyret i Lærdalstunnelen kan setjast i drift igjen, seier byggeleiar Jens-Ivar Nilsen.

Arbeidet vert avslutta klokka åtte på kvelden, og då er det fri ferdsel fram til neste morgon.

Les også: Kolonnekøyring fram til påske

Kolonne på ei strekning 

Sidan byrjinga av februar har det vore kolonnekøyring gjennom heile tunnelen, heile døgnet. No går det heller over til ei ordning med kolonnekøyring på den strekninga der det er mannskap som jobbar i vegkanten.

Kolonnane vil gå over seks kilometer, mellom portalane og fjellhallane i tunnelen. Ventetida blir på om lag 15 minutt.

- Arbeidet i tunnelen vil gå frå klokka 08:00 om morgonen, til klokka 20:00 på kvelden, måndag til og med laurdag. På kveld og natt vil tunnelen vere open for fri ferdsel, men med nedsett fart til 70 km/t og patruljering, seier Nilsen.

Pause i påska

- Vi vil unngå kolonnekøyring i påsketrafikken. Det vil bli fri ferdsel, men fordi delar av tryggleiksutrustinga i tunnelen framleis vil vere ute av funksjon, må vi holde farten på 70km/t i tunnelen, seier Nilsen. 

Etter påske blir det kolonnekøyring etter same opplegg som no. Prosjektet vert avslutta i slutten av april.

Til toppen