Nytt kvartalsoverskot for Hydro
(Foto: Hydro Aluminium Årdal)

Nytt kvartalsoverskot for Hydro

– Drifta har aldri gått betre, seier fabrikksjefen.

Årdal Metallverk kan visa til eit overskot på 176 millionar i 1. kvartal av 2015. Det skriv selskapet i ei pressemelding onsdag. Av desse 176 millionar kronene er det avsett 13 millionar kroner til framtidige pensjonsforpliktingar. 

Resultatet er 186 millionar kroner betre sett i forhold til same kvartal i fjor då selskapet leverte eit underskot på 10 millionar kroner. Elektrolysen sette også ny produksjonsrekord 1. kvartal.

Driftsinntektene i 1. kvartal var 1071 millionar kroner, som er 239 millionar betre enn tilsvarande periode året før. 

– Drifta har aldri gått betre

NØGD: Fabrikksjef Egil Fredriksen har sjølvsagt nøgd med resultatet for 1. kvartal i 2015.
NØGD: Fabrikksjef Egil Fredriksen har sjølvsagt nøgd med resultatet for 1. kvartal i 2015.

– Dette er jo andre kvartalet på rad at me får eit veldig godt resultat. Det er klart at det er ting me ikkje kan påverke som har gått vår veg med produkt og valuta, men det som er gledeleg er at ting me kan påverke, som drift, har aldri gått betre. Held me fram i denne farten, vil me produsera 2000 tonn meir enn i fjor, seier fabrikksjef Egil Fredriksen.

På produksjonssida sette metallverket ny rekord. Totalt produserte dei 48.087 tonn flytande metall i 1. kvartal i 2015. Det er ny produksjonsrekord og 383 tonn meir enn 1. kvartal 2014.

– Det er ingen grunn til at me ikkje skal klare å fortsette denne utviklinga. Årsaka til at det går så godt er rett og slett at dei har jobba mykje med organisasjonen i elektrolysen og meir stabil drift. Ein har dreve med opplæring, reorganisert litt, og når ein set saman alt dette, får ein uttelling, seier Fredriksen.

Større forbruk enn produksjon

Fabrikksjefen er forsiktig med å spå framtida. London Metal Exchange-prisen, eller LME-prisen har gått litt ned, men dollarkursen er framleis sterk. 1. kvartal låg gjennomsnittsprisen på 1.895 dollar per tonn. Den gjennomsnittlege vekslingskursen var på 7,44 kroner. 

– Me veit jo prisane tre månadar fram i tid sidan prisane er låste, så me veit at 2. kvartal bra for oss. 

I tillegg er signala rundt omkring i verda at lagera stadig vekk blir tømde, og det lovar godt for etterspurnaden.

– No blir det produsert mindre aluminium enn det me forbrukar, så ein et langsomt av lagera. Og så kjem det heller ikkje ny kapasitet med nye anlegg. Arabarane starta vel det siste i fjor. 

Gode på tryggleik

I støyperia blei det produsert 51.968 tonn med ferdigprodukt, rundt 719 tonn mindre enn året før. Anodeproduksjonen på 44.391 tonn er omtrent lik som i fjor. I det siste har produksjonen på PFA starta opp att for å ta unna flyten, fortel Fredriksen.

– Og så har me byrja å bli veldig gode på tryggleik. Årdal har ingen god historie her, men no er iallfall like gode som dei andre, kanskje litt betre, skyter fabrikksjefen inn.

– Første prioritet er å unngå at nokon skal bli drept på arbeid, men ei bedrift som er sikker, blir brukt som målebarometer på god organisasjon, så lite skade, betyr god organisasjon og haldningar. Det er viktige signal me sender til eigarane våre.

Til toppen