KOMPETANSE: – Vi stiller også krav til kompetanse til ei rad helsefaglege stillingar i det nye lovforslaget, seier helseminister Bent Høie. Arkivfoto
KOMPETANSE: – Vi stiller også krav til kompetanse til ei rad helsefaglege stillingar i det nye lovforslaget, seier helseminister Bent Høie. Arkivfoto

Nytt lovforslag om psykolog i alle kommunar

Regjeringa vil lovfeste eit krav om at alle norske kommunar skal ha psykolog frå 2020. Raskare og betre hjelp er målet.

– Vi har alle ei psykisk helse. I dag er det for høg terskel for å få hjelp når ein begynner å få psykiske helseutfordringar. Vi er overbevist om at dersom det er psykologar i kommunane, så vil folk få raskare og betre hjelp, og vil kunne løyse ting på eit tidlegare tidspunkt, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) til TV 2.

Regjeringa innførte for fire år sidan eit tilskot for rekruttering av psykologar i kommunane. Ordninga har ført til at talet på psykologar har auka frå 130 i 95 kommunar og bydelar i 2013 til 377 psykologar i 265 kommunar og bydelar i dag. Framleis manglar likevel mange kommunar psykolog.

– Vi stiller også krav til kompetanse til ei rad helsefaglege stillingar i det nye lovforslaget, seier Høie som meiner tiltaket vil vere spesielt viktig for yngre menneske.

Frå 2018 vil alle kommunar ha fysioterapeut, lege, sjukepleiar, jordmor og helsesøster. I tillegg til psykolog vil det frå 2020 også bli kravd at kommunane skal ha ergoterapeut og tannlege.

Til toppen