TIL HAUSTEN: Eit nytt overvakingsutstyr i Joasetbergi skal vere på plass innan 1. november i år. Foto: NVE.
TIL HAUSTEN: Eit nytt overvakingsutstyr i Joasetbergi skal vere på plass innan 1. november i år. Foto: NVE.

Nytt overvakingsutstyr skal vere på plass innan november

Permanent overvakingsutstyr skal vere på plass i Joasetbergi innan 1. november.

Aurland: Det opplyste ordførar i Aurland, Noralv Distad, om då han i kommunestyret fekk spørsmål om korleis ein låg an med overvakinga av fjellpartiet som har fått status som høgrisikoobjekt.

Akkurat no vert det nytta ein radar som måler heile fjellsida, men innan 1. november i år skal det implementerast utstyr for betre overvaking av fjellpartiet. Utstyret vil koste rundt 5 millionar kroner.

I byrjinga av mars fortalte Porten.no at ei eventuell flodbølgje ikkje blir så stor som ein først frykta. På dei siste seks månadene har fjellet flytta seg 3 millimeter. Sannsynet for eit ras er framleis det same – mellom 1 og 0,1 prosent.

– Me jobbar samstundes med ein beredskapsplan der alle aktuelle instansar deltek. I tillegg håpar eg me snart kan gå i gang med planprosessen som seier noko om bygging i soner der det er flaumrisiko, seier Distad.

Til toppen