ISOLERT: No er begge vegane ut av Årdal stengde av ras og rasfare. Vegtrafikksentralen har enno ikkje kome med meir informasjon.
ISOLERT: No er begge vegane ut av Årdal stengde av ras og rasfare. Vegtrafikksentralen har enno ikkje kome med meir informasjon. (Foto: Illustrasjon)

Nytt ras er gått – Årdal er isolert

Natt til sundag melder Vegtrafikksentralen vest at eit ras har gått mellom Tyin og Årdal.

OPPDATERT: Klokka halv eitt melder Statens vegvesen at brøytemannskap har rydda vegen. Den er no open for trafikk.

Årdal: Årdal er igjen isolert. Vegen til ferjekaia ved Fodnes er stengt grunna rasfare. Natt til sundag gjekk endå eit ras, denne gongen på vegen mot Tyin. I følgje Vegtrafikksentralen er det eit snøras som stengjer vegen.

Vegen kjem til å vere stengd minst natt til sundag. Vegvesenet kan ikkje gjere undersøkingar før det lysnar.

– Det vert gjort ei vurdering av vegen klokka ni sundag morgon, seier John Andreas Omdal hjå Vegtrafikksentralen vest.

Til toppen