SERIØS?: Eit nytt seriøsitetsregister for målarar, elektrikarar, murarar og tømrarar skal gjera det enklare å avsløra kven som fér med fusk og kven som er seriøse. Illustrasjonsfoto: Pixabay.
SERIØS?: Eit nytt seriøsitetsregister for målarar, elektrikarar, murarar og tømrarar skal gjera det enklare å avsløra kven som fér med fusk og kven som er seriøse. Illustrasjonsfoto: Pixabay.

Nytt register skal avsløre useriøse handverkarar

No skal det bli lettare å styre unna useriøse handverkarar. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) opprettar eit nytt seriøsitetsregister for målarar, elektrikarar, murarar og tømrarar.

  • Endret

Registeret er ei oppfølging av den frivillige sentrale godkjenningsordninga for rundt 15.000 større føretak som Sanner tidlegare har innført, og som fekk kritikk frå bryggjebransjen fordi dei meinte han ikkje gjekk langt nok.

– Seriøsitetsregisteret er eit politisk kinderegg og eit godt verktøy mot svart arbeid, seier Sanner til  Avisenes Nyhetsbyrå (ANB). Han legg til at det har vore vanskeleg å kontrollere om ei bedrift har papira i orden.

– Det blir enklare å velje bort juks blant aktørane, og det er bra for den seriøse delen av bransjen så vel som for arbeidstakarar og innbyggjarar, meiner statsråden.

Registeret er endå eit tiltak i kampen mot kriminalitet i bygg- og anleggsbransjen.

– Vi startar med dei digitale opplysningane. Registeret skal i første omgang ta inn opplysningar frå skatteetaten og Brønnøysundregistra. Då får du vite kven som betaler skatt og er registrert, seier Sanner til ANB.

Denne gongen er byggjebransjen fornøgd med tiltaket.

– No føler vi at heilskapen begynner å falle på plass. Seriøsitetsregisteret har eitt berande prinsipp: Å vise kven du er og kva du held på med. Dette er ein viktig milepæl, seier administrerande direktør Jon Sandnes i Byggenæringens 

Til toppen