VEKST: For tredje året på rad kan norsk reiseliv gle seg over ein rekordstor vekst.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.
VEKST: For tredje året på rad kan norsk reiseliv gle seg over ein rekordstor vekst.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Nytt rekordår for reiselivet

For tredje året på rad kan norsk reiseliv gle seg over ein rekordstor vekst.

– Tala så langt viser at utanlandske gjestedøgn auka med 11 prosent dei ti første månadene i 2016. Det er ei solskinshistorie frå alle landa der Noreg har hatt ei reiselivssatsing – bortsett frå Russland der vi har ein nedgang på 3 prosent, sa Margrethe Helgebostad i Innovasjon Noreg då ho onsdag presenterte resultata for reiselivsnæringa.   

Ingen andre land i Norden kan visa til ein tilsvarande vekst.

– Det er in å besøkja Noreg, sa Helgebostad. 

Sterk vekst for Fjord-Noreg

Alle landsdelane kunne gle seg over ein god auke i utanlandske turistar bortsett frå Sørlandet som hadde ein nedgang i utanlandske gjestedøgn på 16 prosent. 

Vestlandet kan derimot gle seg over motsett utvikling. 

– Fjord-Noreg hadde i sommar ein auke på 15 prosent i utanlandske gjestedøgn. Det som også er interessant er at Fjord-Noreg i sommarsesongen hadde nesten like mange norske gjestedøgn som utanlandske. Det seier noko om den fantastiske veksten til Fjord-Noreg i sommarsesongen

Fleire kinesarar og amerikanarar

Til saman hadde Noreg ni millionar utanlandske gjestedøgn. 

– Det som er spesielt med 2016 er at vi har hatt ein svært stor vekst både frå Kina og USA, sa Helgebostad.

Ikkje minst er det stadig fleire kinesarar som legg turen til Noreg. Oppgangen frå Kina var i fjor på 36 prosent, og Noreg er no det landet i Norden med flest kinesiske gjestedøgn. 

Disney-filmen Frost, som mellom anna henta inspirasjon frå norske fjordar og fjell, har også ført til at langt fleire amerikanarar har fått auga opp for Noreg. 

– Etter 2014 har vi stort sett hatt ein vekst frå USA kvar månad, sa Helgebostad. 

Mindre avhengig av Tyskland

Ho streka likevel under at Tyskland framleis er den viktigaste og største utlandsmarknaden til Noreg med 1, 6 millionar gjestedøgn. Det utgjer 19 prosent av marknaden. 

Dei fleste tyskarane kjem til Noreg om sommaren, men nordlys-satsinga har også ført til at fleire tyske turistar om vinteren. 

Ho la likevel til at norsk reiseliv har blitt mindre avhengig av Tyskland enn tidlegare. 

 Sverige er den nest største utanlandske marknaden i Noreg, samtidig som stadig fleire danskar finn vegen til Noreg om vinteren for å stå på ski. 

Trygt og billeg

Valutaendringar, terrorisme og fallande oljepris blir trekt fram som viktige årsaker til veksten i reiselivet. 

– Noreg blir i stor grad sett på som eit trygt reisemål, og krona har vore relativ låg, blei det peikt på.

Fleire reiser i eige land

 Også nordmenn held fram å reisa meir i eige land. Talet på norske gjestedøgn gjekk opp med 2 prosent.

– Det kan høyrast lite ut, men det er viktig å hugsa på at dei fleste turistane i Noreg, er norske. 70 av alle gjestene er nordmenn, sa Helgbostad. 

Til toppen