Årdalstangen: Alle dei tre tilsette i tidlegare S. Dahl Berge har fått tilbod og takka ja til å halde fram i nytt selskap. Namnet på den nye verkstaden blir no Årdal Bilservice AS og vert heileigd av Mjøsbil AS.
Tidlegare dagleg leiar i S. Dahl Berge, Michael Zerbst, er glad han og kollegaene no får nytt arbeid med det han omtalar som ein solid eigar og eit godt konsept i ryggen.
– Den siste perioden før konkursen var krevjande, seier Zerbst.
- Les også: Verkstaden har gått konkurs
– No kan me koma raskt i gang att, få rusta opp lokala og få friske varer på laget. Det vil gi oss eit mykje betre utgangspunktet og trygga arbeidsplassane framover, seier han.
Hovudmarknad i Oppland
Han gjer seg no klar til å hjelpa alle kundane på dekkhotellet som har vore uroa for kva som ville skje med vidare drift.
Når det gjeld Mjøsbil, har dei sin hovudmarknad i Oppland der dei mellom anna driv åtte verkstader, er samarbeidande butikk med Mekonomen og har vore vore leverandør av reservedelar og tilbehør sidan S. Dahl berge blei med i bilverkstaden Mekonomen for snart fire år sidan.
Allereie tysdag vil dørene vera opne igjen, men det vil ta nokre dagar før alle godkjenningar og nye system er installert. Drifta av bensinstasjonen har ikkje vore påverka av konkursen, så tilbodet vil halde fram som før der.