FRIKØYRINGSMEKKA: Kambafjellet 1220 meter over havet er eit godt utgangspunkt for pudderkøyring. Hit kan det koma ein T-krokheis.
FRIKØYRINGSMEKKA: Kambafjellet 1220 meter over havet er eit godt utgangspunkt for pudderkøyring. Hit kan det koma ein T-krokheis. (Illustrasjon: Sogndal skisenter)

Nytt skitrekk skal løfta frikøyringa i Sogndal til nye høgder

Eit føreslått T-kroktrekk vil kunne ta skikøyrarane i Hodlekve opp til 1220 meter. Bygginga kan starta allereie neste haust.

Sogndal: I Sogndal jobbar skisenteret med planar om å bygga eit T-kroktrekk til Kambafjellet. Løysinga vil kosta rundt 15 millionar kroner.

RIMELEGARE LØYSING: Ein T-krok til Kambafjellet vil kosta 15 millionar, ein telemiks vil fort kosta meir enn fem gongar så mykje. Foto: Joe Shlabotnik/Flickr.com 

– Med ein T-krok til Kambafjellet vil me bli Norges desidert mest interessante frikøyringsanlegg, punktum, seier dagleg leiar Per Odd Grevsnes.

Han seier dei har fått fullmakt til å jobba med planane, men understrekar at ingenting er vedteke enno. Styret i skisenteret har siste ordet i saka.

– Me er optimistiske i organisasjonen vår på at me skal greia å få til noko slikt, og har fått positive signal frå investorane om at dei har lyst til å vera med, seier Grevsnes.

Gondol lagt på is

Då den storstila hytteutbygginga i Hodlekve starta i 2012 vart ei gondolbane lansert som det store trekkplasteret. Løysinga var forventa å kosta 80 millionar kroner, og håpet var at ho skulle stå klar innan 5-6 år. Altså omtrent no.

Sjølv om tidslinjene har blitt forskyvd, er ambisjonane framleis høge, forsikrar Grevsnes.

– Ein T-krokheis no trur eg kan gje oss ein ganske stor vekst, så kan me eventuelt bytta den ut med ein telemix om nokre år. Å flytta ein heis er ikkje noko stor sak, det har dei gjort før oss andre plassar, seier han.

Ein telemix er ein skiheis som kombinerer både stolar og gondolvogner.

DRØYMER OM T-KROK: Styret i skisenteret har siste ordet, men dagleg leiar Per Odd Grevsnes jobbar med planar om å bygga ein T-krokheis til Kambafjellet. Bilde: Halvor Farsund Storvik

Det er ikkje berre prislappen som stoppar dei frå å gå rett til ei slik løysing. Bemanning er òg eit avgjerande hinder:

Bygginga kan starta om eitt år

Ein telemix krev nemleg at dei har 7-8 personar på jobb.

– For eit skisenter som har ti millionar kroner i omsetnad, så kjem det litt for tidleg. Sjølv om me skulle ha klart å finansiera eit slik prosjekt, så ville me ikkje ha greidd å drifta det, seier Grevsnes. 

Ein T-krok krev i prinsippet berre to personar på jobb.

– Når me ikkje løftar folk opp frå bakken, så er det vesentleg mindre krav til personell som skal vera med å evakuera folk, seier Grevsnes.

Om styret seier ja til planane kan dei byrja å bygga allereie neste haust.

– Det er det absolutt tidlegaste. Då har alt gått på skinner, og det gjer det sjeldan. Men det er ikkje umogleg, og me er ganske utolmodige, seier Grevsnes.

Til toppen