PRIVATUNDERVISNING: Mathias Vågsdal har tatt noen ekstratimer i matematikk og geografi. Privatlærer Maja Øvergaard Berge gir tips om hvordan han kan sjekke at svaret er riktig. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.
PRIVATUNDERVISNING: Mathias Vågsdal har tatt noen ekstratimer i matematikk og geografi. Privatlærer Maja Øvergaard Berge gir tips om hvordan han kan sjekke at svaret er riktig. Foto: Heiko Junge/NTB scanpix/NPK.

Nytt skuleår, betre læring?

Med gode læringsstrategiar forstår elevane meir. Men forsking viser at norske elevar bruker dei nyttige strategiane for lite.

Mathias Vågsdal (16) nytta nokre timar i sommarferien til å lære seg meir matematikk. Privatlærar ved Ungdomsakademiet Maja Øvergaard Berge tipsar han om korleis han kan dobbeltsjekke at svaret er rett.

– Du kan putte løysinga for x inn i det originale stykket, seier ho.

Å kontrollere at svara er rette kan sorterast inn under det ein kallar metakognisjon, eller kontrollstrategiar, som er ein av fleire læringsstrategiar.

Læringsstrategiar er framgangsmåtar elevane bruker for å organisere si eiga læring. Det kan vere observerbare teknikkar, som å ta notat, lage tidslinjer eller tankekart, eller det kan dreie seg om mentale prosessar.

Artikkelen held fram under biletet.

LÆRING: De viktigste strategiene for læring er de som bidrar til dybdelæring.
LÆRING: De viktigste strategiene for læring er de som bidrar til dybdelæring.

Gjennom Kunnskapsløftet er lærarar i grunnskolen og vidaregåande opplæring forplikta til å arbeide med læringsstrategiar. Norsk og internasjonal forsking viser likevel at norske elevar har eit avgrensa repertoar av slike strategiar, og i liten grad bruker dei.

Dei viktigaste strategiane

Læringsstrategiar kan delast inn på ulike måtar. Therese Nerheim Hopfenbeck er forskar ved Oxford University, og har nyleg gitt ut boka «Strategier for læring: Om selvregulering, vurdering og god undervisning». Ho deler læringsstrategiar inn i kontrollstrategiar (å kontrollere at du kan det du skal kunne), djupnestrategiar (på engelsk referert til som elaboration strategies) og memoreringsstrategiar.

– I ein periode i norsk skole var det nærast fy-fy med pugging, men forskarar innan til dømes matematikk veit at å pugge ein multiplikasjonstabell automatiserer ferdigheitene dine, og då frigjer du kapasitet i hjernen som kan brukast på andre ting. Derfor har ein internasjonalt og i Noreg endra litt syn og erkjent at i nokre samanhengar kan det vere bra å pugge, seier Hopfenbeck.

– På generelt grunnlag er det likevel klokt å leite etter meining, å jobbe for å forstå noko, og utvikle metakognitiv kunnskap, påpeiker ho.

Metakognisjon

Ifølgje professor ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking ved Universitetet i Oslo, Eyvind Elstad, handlar metakognisjon om å ha eit utanfrå-perspektiv på vår eiga tenking.

– I skulearbeid-samanheng handlar det om å sjekke: Har eg lært det eg skal ha lært no? utdjupar han.

Artikkelen held fram under biletet.

Privatlærer Maja Øvergaard Berge og elev Mathias Vågsdal går gjennom geografiboken.
Privatlærer Maja Øvergaard Berge og elev Mathias Vågsdal går gjennom geografiboken.

Elstad understrekar behovet for å satse på meir enn memoreringsstrategiar.

– Dei strategiane ein bør merke seg viss ein vil lukkast som elev, er dei som bidreg til djupnelæring, seier han.

Då kan det til dømes vere snakk om å sjå strukturen i materialet, eller å knyte stoffet til noko eleven kan frå før.

Mange elevar les framleis ein tekst frå start til slutt, uavhengig av kva oppgåve dei skal løyse, seier Hopfenbeck.

– Noko av cluet er å lære elevane kva for strategiar dei kan bruke når. Skumming av tekst kan vere lurt på eit større materiale, medan det på ei matteoppgåve kan vere bra å jobbe i gruppe for å sjekke ut med andre korleis du tenkjer rundt problemet, seier ho.

Rolla til læraren

Sjølv om elevanes sjølvregulering av læring har fått mykje merksemd dei siste åra, bør læraren jamleg demonstrere læringsstrategiar og bake det inn i undervisninga i faga, meiner professor Elstad.

Artikkelen held fram under biletet.

AUTONOMI: Elevane skal utvikle evnen til å lære, dei skal etter kvart ha ei verktøykasse med forskjellige læringsstrategiar dei kan ta i bruk. Illustrasjons
AUTONOMI: Elevane skal utvikle evnen til å lære, dei skal etter kvart ha ei verktøykasse med forskjellige læringsstrategiar dei kan ta i bruk. Illustrasjons

– Læraren må altså stadig ha nokre hint, nokre drypp, om kor viktig det er å jobbe strategisk med lærestoffet, seier han.

Hopfenbeck på si side påpeiker at strategiar berre er éin av fleire faktorar som trengst for god læring.

– Det vi ofte ser i gode klasserom, er ei samansetning av ting, som låg grad av mobbing og lite forstyrrande aktivitetar i klassa. Ein kan ha ti læringsstrategiar som heng i eit klasserom, det har liten effekt viss lærarar og elevar ikkje jobbar godt saman, seier ho.

Mathias Vågsdal har ikkje merka seg særleg fokus på læringsstrategiar i undervisninga, men kan trekkje fram gode erfaringar med å bruke tankekart og ta notat.

– Det har hjelpt meg til å kunne stoffet betre enn ved berre å lese i ei bok, seier han, som går snowboardlinja på Norges Toppidrettsgymnas på Geilo.

Han veit likevel kva som er den aller viktigaste faktoren for at han skal lære.

– At eg er interessert i faget. Viss eg er interessert, bryr eg meg meir om det, og då vil eg lære, seier han.

Til toppen