Aurland: Ein arbeidsinnvandrar i Aurland er smitta av koronaviruset.
Det skriv kommunen på sine heimesider. Dei vart gjort kjent med tilfellet på søndag kveld.
Personen testa positivt då den kom til landet.
– Vedkommande har vore isolert etter ankomst, skriv kommunen.
- Les óg: 21 personar smitta i Hyllestad
Ikkje fare for smittespreiing
Smittesporinga er gjennomført, og nærkontaktar sit i karantene.
Kommunen opplyser ikkje kor mange nærkontaktar personen har.
– På det no verande tidspunktet ser ein ikkje fare for smittespreiing til lokalsamfunnet, skriv kommunen.