Gulen: Kommunen melder onsdag om eit nytt smittetilfelle av koronaviruset i Gulen. Det skal vere ein ungdom som er busett i kommunen og er elev ved Austrheim vidaregåande skule som er smitta.
Vedkommande skal ha 20 nærkontaktar og alle er varsla, sett i karantene og vert testa. Borna i 1.–2. trinn ved Eivindvik skule er definert som nærkontaktar, skriv kommunen på heimesida.
Smittetilfellet har ikkje samanheng med tidlegare smitte, ifølgje kommunen.
Kommunen oppmodar alle som har luftvegssymptom om å ta kontakt med legekontoret for å få teke ein koronatest då legekontoret har god testkapasitet.