LUSTER: Kommuneoverlegen er nøgd med korleis den smitta har oppført seg for å hindra smitte.
LUSTER: Kommuneoverlegen er nøgd med korleis den smitta har oppført seg for å hindra smitte. (Foto: Linda Watten / Arkiv)

KORONAVIRUS

Nytt smittetilfelle i Luster - personen kom frå utlandet

Den smitta har vore i karantene sidan ankomst.

Luster: Måndag kveld bekrefta kommuneoverlege Knut Cotta Schønberg at ein ny person i Luster kommune har blitt smitta av koronaviruset. Det melder Sogn Avis

Den smitta har kome frå eit raudt område i utlandet. Personen vart testa ved innreise og har vore i karantene sidan testinga.

– Det er slik det skal vera. Eg er svært nøgd med at innbyggjarar her tek stort eigenansvar, og oppfører seg på denne måten, seier Schønberg, til avisa.

Personen går no over i isolasjon og det er ikkje fare for at andre i kommunen skal bli smitta.

Til toppen