BASISTRENING: Det nystarta tilbodet til IL Jotun skal få fleire til å tenkja basistrening i idrettane sine. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BASISTRENING: Det nystarta tilbodet til IL Jotun skal få fleire til å tenkja basistrening i idrettane sine. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Nytt tilbod skal få fleire til å tenkja grunnleggjande trening

IL Jotun har starta eit heilt nytt tilbod der basistrening står i fokus. Tilbodet ser ut til å vere populært.

Årdal: Den første økta hadde dei førre fredag. Då møtte det opp 25 store og små. På den andre økta var talet på aktive utøvarar på parketten i Årdalshallen nesten dobla.

– Dette er noko me har snakka om i mange år at me ønskjer å få til, men ikkje greidd det. Då Lars Kristian (Fauske journ. anm.) kom til bygda med sin kompetanse, spurte me han, og han sa ja til å leie det, seier Ruth Laberg i Jotun. 

Fauske har bakgrunn frå både langrenn og elvepadling, men er også utdanna fysioterapeut. 

– Gjennom idrettane eg har drive med, har eg sett kor viktig det er med grunnleggande styrke og bevegeligheit i kroppen for å gå fort på ski eller gjera bevegelsar i idrett, seier han.

Meir fokus

Med dette tilbodet kan medlemmar i idrettslaget dermed lære seg gode basisøvingar som forhåpentlegvis vil gjere dei flinkare i idretten dei driv med.

Artikkelen held fram under biletet.

KOMPETANSE: Ruth Laberg seier dette er noko idrettslaget har prøvd å få til lenge, og då Lars Kristian Fauske kom til bygda med sin kompetanse, lykkast dei endeleg. 
KOMPETANSE: Ruth Laberg seier dette er noko idrettslaget har prøvd å få til lenge, og då Lars Kristian Fauske kom til bygda med sin kompetanse, lykkast dei endeleg. 

– Årsaka til at me gjer dette er for å få fleire til å tenkja grunnleggjande trening for så å yta meir i sine idrettar. Eg trur det er ein mangel. På ei trening konsentrere ein seg mest om den idretten ein driv med og tenkjer ikkje så mykje på basistrening, seier Laberg.

Mange fell gjennom når dei skal prestere

Då er det fort ein fell gjennom når ein skal prestere, meiner Fauske. Før han flytta til bygda jobba han i Turn og idrettsforeningen Viking, der Olympiatoppen hadde sine basistreningar. Av og til var han inne og vikarierte der.

– Ein har godt av å trene på fleire ting, uansett idrett. Tidlegare har det vore mykje fokus på styrke og uthaldenheit som grunntrening, men dei siste åra har ein gradvis gått over på motorikk og stabilitet i bevegelse – altså at ein har kontroll på kroppen, forklarar han.

– Me ser det er mange som fell gjennom når det kjem litt opp i alder og skal prestere fordi dei manglar dette. Då får dei ikkje ut sitt fulle potensiale.

Tilbodet er for alle, frå ungar i skulealder til vaksne, og skal vara fram til påske i første omgang. Den største utfordringa, seier Fauske, er å sy saman eit tilbod som passar for alle.

– Men eg trur og håpar at utøvarane lærer og tar dette med seg inn i sin idrett, der andre igjen kan lære – at det blir ein smitteeffekt. 

Til toppen