ANALYSE: Fjelloppsyn Håkon Øydvin (t.v.) og tidlegare veterinær Kåre Rudningen, også med bakgrunn frå Mattilsynet, tek ut prøvar av reinshovud som skal testast for CWD. Slik testing skal også gjerast på hjort som blir felt første del av hjortejakta. Foto: Knut Fredrik Øi
ANALYSE: Fjelloppsyn Håkon Øydvin (t.v.) og tidlegare veterinær Kåre Rudningen, også med bakgrunn frå Mattilsynet, tek ut prøvar av reinshovud som skal testast for CWD. Slik testing skal også gjerast på hjort som blir felt første del av hjortejakta. Foto: Knut Fredrik Øi (Foto: Knut Fredrik Øi)

Nytt tilfelle av CWD i Nordfjella

Prøvane frå ein reinsbukk skoten i førre veke i Lærdal var positive.

Lærdal: Veterinærinstituttet har varsla Mattilsynet om at det for fjerde gong er påvist Chronic Wasting Disease (CWD) i Noreg. Funnet blei gjort på ein villrein i skoten i Nordfjella i samband med kartleggingsprogrammet for CWD.

Les også: Dødeleg sjukdom påvist hjå norsk villrein

Så langt i august er det testa om lag hundre reinsdyr fra området, og alle andre prøvar har vore negative. Reinsdyret blir no sendt til destruksjon, og jegeren som skaut det er varsla. 

– Me vurderer det framleis slik at det er svært liten risiko for at sjukdommen skal smitta til mennesker, men for å vera på den sikre sida godkjenner me ikkje at kjøt frå dyr som testar positivt skal etast, seier Solfrid Åmdal, seniorrådgivar seksjon dyrehelse på Mattilsynet sine nettsider.

Skoten i Lærdal

Tidlegare veterinær Kåre Rudningen, som er med og organiserer prøvetakinga lokalt fortel til Porten at den vaksne reinsbukken blei skoten i Lærdal første veka av jakta.

– Det var ingen teikn på at bukken var sjuk då jegeren skaut den, den framstod som livskraftig. Dette er klassisk, som skildra frå Amerika.

– Er dette nye funnet av sjukdommen overraskande?

– Eg vil seia det slik at når sjukdommen er påvist ei gong, og ein veit frå Amerika at førekomsten er mellom ein halv og fem prosent i områder med CWD-smitte, ville det ha vore nesten utruleg om alle dei om lag fire hundre reinane me kjem til å testa gjennom jakta skulle slå ut negativt. No er det ein postitiv test blant om lag hundre testa dyr, så førebels ligg me på ein prosent. Ein kunne ønskja at det var betre, men det kunne også ha vore mykje verre.

Les også: – Liten risiko for at menneske blir smitta av hjortesjukdom

Les også: Skal testa hjortehovud for CWD

Lyndrepen hardangerviddarein blir testa på Borgund

Når Porten snakkar med Rudningen står han med 250 reinshovud frå Hardangervidda som kom til Borgund tidlegare i dag. Etter at lynet slo ned i ein reinsflokk og drap over 300 villrein, som NRK melde i helga, blir alle dei vaksne reinane som strauk med testa for CWD.

– Me har fått nytta det nedlagde kjølerommet til Årheim Agentur her på Borgund - det er ypparleg å nytta til denne jobben. 

– Trass i dyretragedien med så mange reinar drepne av lynet vil ein vel no få eit enno betre grunnlagsmateriale for CWD-testinga?

– Ja, no vil me etter mitt skjønn ha eit svært godt grunnlag for å meina noko om ståa på Hardangervidda.

Dei første tretti CWD-prøvane tekne av hardangerviddareinen vart sendt i posten i dag. Rudningen reknar vidare med at dei vil bli ferdig med å ta ut prøvar lokalt i løpat av dei to næraste døgna. Når prøvesvara føreligg kjem an på kor kjapt Veterinærinstituttet får analysert prøvane.

– No har me fått ei vekes erfaring med dette arbeidet, og eg skal innrømma det har gått litt over stokk og stein så langt. Men eg håpar og trur det går meir på skinner framover så jegerane kjappare og enklare skal få ut informasjon om testresultata på reinane dei skyt, avsluttar Rudningen.

Les også: Amerikanske forskarar: Bekymra over CWD-utbrotet

Les også: Innfører forbod mot saltstein og fôring

Hjorteviltregisteret ligg det per måndag 29.august klokka 19 inne to positive CWD-prøvar frå Nordfjella. Mattilsynet opplyser til Porten at den eine av desse er reinssimla som vart testa i april. Altså er det til no berre funne eitt tilfelle av CWD under reinsjakta.     

Til toppen