MASSEDØD: Ein turgåar kom over titals med død svarthå i strandkanten i Vikadalen fredag. Foto: Privat.
MASSEDØD: Ein turgåar kom over titals med død svarthå i strandkanten i Vikadalen fredag. Foto: Privat.

Nytt tilfelle med massedød av småhai

Det er ikkje første gongen at folk kjem over haugesvis med død svarthå.

Vikadalen: Denne gongen er det i Vikadalen at ein turgåar har kome over titals med død svarthå i fjøresteinane.

Svarthå er ein liten hai og eit naturleg innslag her inne i fjordane våre. Seinast i november kom ein over det same, men då i Erdal – og før det i Undredal. 

– Det har etter kvart dukka opp fleire slike historier i Indre Sogn. Kva som får dei til å stryke med, det veit vi ikkje heilt, sa Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn til Porten.no då.

Då Porten.no snakka med same mann fredag, er beskjeden framleis den same.

Tidlegare har han sendt inn prøver til Veterinærinstituttet i Bergen, utan at det vart påvist sjukdom. Ein teori er at det har oppstått eit sterkt lag med ferskvatn i fjorden som svarthåen har rota seg bort i. Det har igjen påverka oppførselen til fisken og fått han til å gå opp i strandkanten.

Til toppen