Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane 2016/2017. Frå venstre: Rune Holsen Nygård, Frida Helleland Sætre, Emma Berge Ness, Jorun Yri, Ole Martini. Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane 2016/2017. Frå venstre: Rune Holsen Nygård, Frida Helleland Sætre, Emma Berge Ness, Jorun Yri, Ole Martini. Foto: Guro Høyvik/Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nytt ungdomspolitisk utval

Denne helga har ungdom frå heile fylket vore samla på Skei. 

Sogn og Fjordane: Ungdommar frå heile fylket var samla på Skei denne helga for å delta på fylkesting for ungdom. Dette er ungdommen i Sogn og Fjordane sitt øvste talerøyr.

Ungdom frå ungdomsråd og kommunar i fylket, fylkesdekkande ungdomsorganisasjonar og polistiske ungdomsparti deltok på tinget.

Fylkesting for ungdom har mellom anna valt nytt ungdomspolitisk utval, som skal arbeide på vegne av FFU fram til neste tingsete.

Personane som er valt inn i utvalet er:

  • Leiar: Emma Berge Ness, 17 år, Viksdalen.
  • Nestleiar: Rune Holsen Nygård, 19, Florø
  • Medlem: Ole Martini, 16, Eid
  • Medlem: Frida Helleland Sætre, 19, Vangsnes
  • Medlem: Jorun Yri, 17, Leikanger.

Den nye leiaren frå Viksdalen seier ho gler seg til å ta fatt på den nye oppgåva ho har fått.

– Eg er veldig takksam for å få tillit som leiar av UPU. Eg er veldig nøgd med utvalet og gler meg til å utføre den viktige jobben me har fått, seier ho til fylkeskommunen sine nettsider.

I helga vedtok fylkestinget for ungdom fleire fråsegner, mellom anna mot regionsreform, mot fråversgrensa og for satsing på psykisk helse. 

Til toppen