VALDIREKTORAT: Direktoratet skal arbeida for å sikra at valarbeidet går føre seg på best mogleg måte.​ Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
VALDIREKTORAT: Direktoratet skal arbeida for å sikra at valarbeidet går føre seg på best mogleg måte.​ Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.

Nytt valdirektorat opna

Det nye Valdirektoratet er no offisielt opna. Direktoratet skal arbeida for å sikra at valarbeidet går føre seg på best mogleg måte.

Årdal/Lærdal: – Eg er oppteken av å sikra at valarbeidet går føre seg ope og uavhengig. Det gjer vi no ved å flytta valarbeidet ut av eit politisk leidd departement og inn i eit sjølvstendig direktorat, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

Det var i fjor sommar at regjeringa vedtok å oppretta eit statleg direktorat med ansvar for valarbeidet. Direktoratet blei offisielt etablert frå 1. januar 2016, og er samlokalisert med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i Tønsberg. Rundt 30 årsverk er knytt til det nye valdirektoratet.

Å støtta kommunane og fylkeskommunane i den praktiske gjennomføringa av val og ha ansvar for informasjon til veljarane og opplæring av fylkeskommunar og kommunar, blir ei av oppgåvene til det nye valdirektoratet.

Utgreiing og analyse, evalueringar, drift og forvalting av valadministrasjonssystemet EVA, høyrer også med til gjeremåla.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal framleis ha det overordna statlege ansvaret for gjennomføringa av valet, medan kommunane og fylkeskommunane skal ha ansvar for den praktiske gjennomføringa. (©NPK)

Til toppen