INVITERER TIL FISKE: Biletet er teken sommaren 2014 ved Ljosegrunnane i nærleiken av Hilmsvatn i Lærdal Statsallmenning. Foto: Jan Christian Jerving
INVITERER TIL FISKE: Biletet er teken sommaren 2014 ved Ljosegrunnane i nærleiken av Hilmsvatn i Lærdal Statsallmenning. Foto: Jan Christian Jerving

Nyttar du sjansen til å fiske med garn heilt gratis?

Lærdal Jeger og Fiskarlag og Lærdal Fjellstyre inviterer unge til å hjelpa til med tynningsfiske i utvalde vatn i Lærdal Statsallmenning.

Lærdal: – Me måtte gjere noko for å få orden på fjellvatna, seier Torfinn Grøttebø i Lærdal Jeger og Fiskarlag.  

Prosjektet til Lærdal Jeger og Fiskarlag og Lærdal Fjellstyre har no gått over fleire år. Då det er sett ut meir fisk enn det som er teken ut, opnar dei no for tynningsfiske med småmaska garn i Hilmsvatn og Perbakktjørn for å skapa betre kår for auren.

– Dette er eit fantastisk område der ein ein midt i fiskeeventyret med ein gong. Sjølv om det no er mykje snø og is, håpar me at vatna opnar seg til starten av august. Me ønsker også hjelp til å setta garn i vatna nær vegen, fortel Grøttebø. 

Vil ha med seg barn og unge

Initiativtakarane ønsker at barn og ungdom melder seg til å vera med på prosjektet, gjerne i samarbeid med vaksne.

– Me ønsker å få med oss ungdom i hovudsak, slik at dei kan læra å fiska, få interesse for friluftsaktiviteten og sjå kva verdi det har. Det er ein spennande og viktig jobb å forvalte fjellvatna og i tillegg får ein mykje frisk luft med på kjøpet. Det ein blir glad i tek ein ofte betre vare på også, seier Grøttebø. 

Artikkelen held fram under biletet

FOR MYKJE SMÅFISK: Intensivt fiske med småmaska garn er ein måte få opp kvaliteten på auren. Er vatna for "overbefolka", blir ikkje fisken stor og det er ikkje så interessant å fiska, fortel Torfinn Grøttebø i Lærdal Jeger og Fiskarlag.
FOR MYKJE SMÅFISK: Intensivt fiske med småmaska garn er ein måte få opp kvaliteten på auren. Er vatna for "overbefolka", blir ikkje fisken stor og det er ikkje så interessant å fiska, fortel Torfinn Grøttebø i Lærdal Jeger og Fiskarlag.

Han peiker også på at dette er ein fin familieaktivitet, der familiar kan fiska, sova i telt og nyta området. 

Alt er tilrettelagt

Du kan få tilgang til båt med motor og 30 småmaska garn. Fiskarar vil få dekka køyregodtgjersle, og 1000 kroner i diettpenger for kvar garnsetting. All fangst vil også gå gratis til fiskarane om dei ønsker det. Du har også moglegheit til å reservere gratis sengeplassar i Hilmsbu, der det er fem sengeplassar.

Kjenner du at dette er noko for deg, så ikkje nøl med å ta kontakt med Lærdal Jeger og Fiskarlag eller Lærdal Fjellstyre. Etter at dei ser kor mange som er interessert, vil dei lage til eit opplegg der fisket går på omgang. 

Til toppen