MYKJE NEDBØR: Det har regna kraftig dei siste dagane, i tillegg har det vore sterk vind store delar av vestlandet.
MYKJE NEDBØR: Det har regna kraftig dei siste dagane, i tillegg har det vore sterk vind store delar av vestlandet. (Skjermbilde: Meteorologisk Institutt)

Nyttårsstormen - det verste er over

Vinden vil minka utover kvelden og natta.

Indre Sogn: Stiv kuling, sterke vindkast og nedbør ringa inn det nye året store delar av landet. 

Politiet og vegtrafikksentralen har fått inn fleire titals meldingar om lause gjenstandar og tre som ligg over vegen enkelte stader i regionen. Men no skal det verste vera over.

– Det skal bli minkande vind utover kvelden og natta. I fjellet blir det framleis stiv til sterk kuling utover kvelden, seier vakthavande meteorolog Martin Granerød til Porten.no. 

Han strekar under at bilistar som skal ut og køyra i løpet av kvelden må vera forsiktige og sjekka vêrvarsel og trafikkmeldingar før dei køyrer. 

– Det har vore utfordrande køyretilhøve første nyttårsdag, der fleire fjellovergangar har vore stengde og det har vore kolonnekøyring andre stader. 

Mindre vind og nedbør

Granerød seier at vinden i høgfjellet kjem til å halde fram i sterk kuling.

Men i låglandet i Indre Sogn vil det bli mindre vind og nedbør.

– Vidare framover i veka kjem vinden til å dreia til sørvest på torsdag. Det vil bli eit tettare skydekke og perioder med nedbør fram til sundag.

Meteorologen seier at nedbøren for det meste vil koma i form av regn, men på torsdag kan det koma snø og sludd. 

Til toppen