NYTTIG: Dag Reidar Vik, leiar i Årdal, Svein Arne Sandvik, leiar i Svelgen, og Åge Nesse, leiar i Høyanger, var alle representerte på Bilfinger sin stand på Karrieremessa i Grieghallen i Bergen. Foto: Privat.
NYTTIG: Dag Reidar Vik, leiar i Årdal, Svein Arne Sandvik, leiar i Svelgen, og Åge Nesse, leiar i Høyanger, var alle representerte på Bilfinger sin stand på Karrieremessa i Grieghallen i Bergen. Foto: Privat.

Nyttig karrieremesse for Bilfinger

– Det er ein fin arena for å treffa folk me tek sikte på å få til Årdal.

Det seier dagleg leiar ved Bilfinger i Årdal, Dag Reidar Vik, til Porten.no. Han var med til bedrifta til Bergen førre veka og stod på stand på Framtidsfylket si karrieremesse.

Målet med karrieremessa er at bedrifter frå Sogn og Fjordane får sjansen til å visa seg fram og gjera seg attraktive for både utflytte personar frå fylket, men også andre som finn Sogn og Fjordane interessant.

LES OGSÅ: Vil lokke arbeidskraft til Årdal på karrieremesse

– Me er opptekne av å profilere at me finst i både Årdal, Høyanger og Svelgen, men også å profilere heile Sogn og Fjordane som vårt område og at me er veldig breie innanfor det me etterspør av kompetanse, seier Vik.

Har fått søknader

SØKNAD: Bilfinger fekk konkrete søknader etter messa, fortel Vik.
SØKNAD: Bilfinger fekk konkrete søknader etter messa, fortel Vik.

Porten.no skreiv om fleire bedrifter frå Årdal som hadde tenkt å ta turen, blant anna HMR Hydeq. For dei var det viktig å finne nokon med tilknytning til kommunen. Det er også Bilfinger opptekne av.

– Dei er lettare å få til å bli, men me ser at også at set pris på verdiane i fylket vårt. Me såg det på messa at ein del av henvendingane var frå ungdom som ikkje hadde tilknytning til fylket. Det var også folk frå offshore-bransjen som tok kontakt fordi dei føler seg litt utrygge der.

Og Vik kan fortelja at dei i ettertid har motteke søknader frå folk som ønskjer å jobba for Bilfinger. 

Skapar relasjonar

Ein ting er å skapa relasjonar til potensielle arbeidstakarar, men karrieremessa gir bedrifter også moglegheita til å knyte kontaktar med kvarandre.

LES OGSÅ: Skal visa fram positive ting ved Årdal

– Det er ein fin arena for leverandørar av tenester som oss som ser etter samarbeidspartnarar, og ein får også pleie kontakten. Sogn og Fjordane er ikkje så stort, og når ein har traktert arenaer som dette, byrjar ein å kjenne kvarandre. 

Meiner fleire bør vera med

Vik fortel at Bilfinger har vore med på dette før og hatt stort utbytte av deltakinga. Han er også glad for at det i år var fleire berifter frå Årdal som var med, men meiner det er plass til fleire.

– Dette burde fleire bedrifter vera med på. Det er eg heilt overbevist om. Der burde me gjera oss gjeldande og gjerne vera godt synlege, seier han.

Til toppen