NY I PORTEN.NO: Kyrre Fitje frå Ortnevik skal jobba både i Ytre Sogn og Indre Sogn.
NY I PORTEN.NO: Kyrre Fitje frå Ortnevik skal jobba både i Ytre Sogn og Indre Sogn. (Foto: Privat)

Nyutdanna Kyrre Fitje er ny journalist i Porten.no

21-åringen ser fram til nye utfordringar, og kjekke dagar som fast tilsett journalist i nettavisa.

Sogn: – Eg har studert bachelor i journalistikk ved Høgskulen i Volda, og var ferdig no i vår, fortel Kyrre Fitje. 

I vår og sommar jobba han i Bergens Tidende og vart førebudd på å halda fram med tilkalling der medan han studerte i Bergen. Det var heilt til han fekk tilbod om fast jobb i Porten.no.

– Det var eit for godt tilbod til at eg kunne seia nei, seier Fitje.

Frå før har han erfaring frå BT, Firda, og Ytre Sogn.

– Eg har alltid trivdest godt med å skriva nyheiter frå Sogn. 

Opphaveleg frå Ortnevik 

Opphaveleg kjem Fitje frå Ortnevik, men flytta til Førde då han var fem år. Dei siste tre åra har han budd i Volda, og no bur han i Bergen.

– Eg er tilsett i Ytre Sogn, men skal ha nokre prosentar i Indre òg. Det blir mykje pendling på meg framover der eg bur på garden vår i Ortnevik, medan eg reiser rundt og samlar inn stoff frå Sogn. Ortnevik har alltid vore heima for meg. 

Han legg til at viss nokon hadde sagt til han for fire år sidan at han skulle bu i Bergen, pendla til Sogn, og ha fast jobb i ei lokalavis som ferdigutdanna så hadde han ikkje trudd på dei. 

– Men eg er veldig glad for at eg har fått fast jobb i så ung alder. Det er veldig mange saker og eventyr i Sogn som eg brenn for og vil skriva om. 

Ser fram til å utvikla avisa ytterlegare 

På fritida er han glad i friluftsliv, klatring, fotball og ski. 

– Og så er eg ein veldig sosial person. Eg er glad i folk, og alt som har med folk å gjera. Samstundes er eg glad i å vera aleina på garden i Ortnevik ei veka òg, seier han og ler. 

No har han klare mål for Porten.no framover og ser fram til å vera med på å jobba for ei avis som stadig er i utvikling.  

– Eg likar å vera med i ei avis som er i utvikling og som er så lett på tå. Det er fint å få vera del av ein så ung stab, og eg set pris på at me får ha kreative idear, samt gjera ein del som me vil. Og så er det fint å vera viktig for folk. At me er ein vegvisar, men og ei kritisk røyst, seier Fitje. 

Til toppen